tysdag 20. november 2012

Fantastiske El Campanario!

Siste veka i september var eg så heldig å få reise til den spanske solkysten, der ein midt i områda av feriehus finn sjømannskyrkja El Campanario. Eg var her på kurs for 2 år sidan, og det var flott å få kome att! Litt "skuff" var det vel at me berre hadde 2 dagar med fint vèr, før det voldsomme regnveret sette inn, men på den andre sida: med forelesningar frå 9-17 var det kanskje greit at me ikkje lengta så mykje ut ;)
Eg kan anbefale eit opphald på gjestehuset, dersom du ynskjer ei veke i ein fredeleg oase midt på solkysten. Og som kurs og konferansesenter er det glimrande!













Related Posts with Thumbnails