søndag 11. november 2012

Ferdig vaskerom!

Heilt sidan me flytta inn i Rosaheimen, har eg ønska meg eit vaskerom. Først hadde me vaskemaskin på badet, men etter dei store lekkasjane våren 2010 laga me nytt bad, og der var det ikkje rom for vaskemaskin og tørketrommel. Dermed havna desse i (den mørke, ekle, edderkoppfyllte) kjellaren.

Men denne sommaren fekk me endeleg hol på byllen, og bygde den gamle snikkarbua innanfor badet gjort om til eit flott vaskerom. Eg hadde eit par turar på IKEA og samla inspirasjon til innreiing, Rosamannen snikra og snikra. Ein sambygding la golvbelegg etter at me sjølve hadde lagt ned varmekablar. Den gamle tømmerveggen er lakka med golvlakk, og eg likar (som vanleg) kontrasten mellom den grove veggen og resten av det lyse rommet.

Alt inventar er frå IKEA, og rommet fungerer som ein draum. Skal ein klage på NOKO, må det vere at det er litt liten golvplass til turkestativ. Ellers er det perfekt!

(eg har merka alle boksane med den nye DYMO-maskina, men slit med å få lappane til å henge på plast. Nokon som har eit tips til dette?)










Related Posts with Thumbnails