søndag 29. april 2012

Perfekt sundag!

Idag vakna me til knallblå himmel og strålande sol. Ikkje ei sky i mils omkrets - og det har helde seg heile dagen! Fantastisk deilig!
På programmet stod Tårnagent-dag med 7- og 8- åringar i bygda, mellom dei Storesyster. For meg var det eit par timar med jobbing ute i felten, i staden for på kontoret. Hyggjeleg avveksling! Storesyster hadde øvd litt på førehand, og var solist på den fengjande Tårnagentsongen, som er ein del av opplegget. Det gjekk kjempefint, og mor var ganske stolt ;)
Resten av dagen har me vore utandørs. Saman med nokon av dei fine nevøane mine har me vore heime på garden og sett på små firbeinte ulldottar som for fyrste gong fekk oppleve frisk luft, friskt gras, og sol. Ganske sjarmerande, alt saman!

Og når me som avslutning på dagen hadde årets fyrste grillmåltid på platningen, og var 10 stk rundt bordet, så var dagen meir som fullkommen.

No ser me fram mot fleire fine sol-dagar, med og utan fri. God veke i vente!
Ein av dei fine små ulldottane som for fyrste gong møtte verda utanfor floren i dag.

Storesyster i Tårnagent-oppdrag.

Flink songsolist.

Idyll!

Related Posts with Thumbnails