måndag 23. april 2012

Vår + sundag + sol= sundagstur

Igår var det sundag. Vår-sundag. Sol-sundag. Rosafamilien er ikkje så gode på sånne sundagsturar til fots, men igår fann me ut at me skulle gjere eit endringstiltak. Me bur jo slik til at det ikkje manglar på tur-moglegheiter, så her var det berre å kle på seg og komme seg ut.

På vegen vart det møter med både insekter og firbeinte ulldottar. Vetlesyster klarte å fange ein sommarfugl, og me var  litt undrande til at ho fekk tak i den fleire gonger. heilt til ho kom bort til oss, og det viste seg at det var TO sommarfuglar. Og dei var opptekne med sitt ;) Då ho oppdaga at dei "hang fast" gjorde ho kort prosess og røska dei i frå kvarandre. Slik kan ei hyrdestund få ein brå slutt!


Naboen hadde sendt ein sau og to nydelege lam ut i det fri, og dei ville gjerne slå av ein prat med oss. Kanskje dei ikkje er så vande med besøk der oppi bakkane?

No skal eg kome med ei lita avsløring: Eg er særs dårleg på feltet "flora". Så når eg i forrige innlegg påstod at eg hadde smøblomst i eit glas på stovebordet kan det svært godt tenkjast at eg tok feil! Over er eit bilete av dei små gule soldråpane som veks mange stader i desse dagar. I min uvitskap har eg teke dei for smørblomst....

På toppen av den lange bakken er eit utsiktspunkt som i grunn er verd heile turen. Her ser ein heile den fine bygda mi. Når den ligg bada i sol, som i går, fins det ikkje vakrare stad, syns eg. Det kvite huset i botnen av bakken er mitt. Det raude litt lenger oppe tilhøyrer foreldra mine. Det er kjekt å ha dei rett i nærleiken, og godt å bu så nær heime, utan å måtte slite med den tunge bakken sånn til dagleg ;)


Målet for turen, om me hadde noko, var eit skogsområde der barnehagen har sett opp ein gapahuk. her er det massevis av moglegheiter for å utforske skog og mark, klatre på store steinar, eller slenge seg litt i slenghuska som er hengt opp. Vetlesyster tok ut litt krefter på å komme seg opp på den største steinblokka i området igjen og igjen....


Kvitveisen (denne er eg heilt sikker på!) stikk opp på dei underlegaste plasser, og er så fin der han kjempar seg til ein plass i sola, mellom lauv og kvist på skogbotnen.

Til slutt, eit glimt av stien inn mellom trea. Den gjer meg ei kjensle av evigheit....

Ny veke, ny mandag, nye moglegheiter. Eg håpar me kan klare å sjå dei moglegheitene kvar dag, kvar veke, og ikkje berre gå oss fast i sporet av små og store utfordringar og frustrasjonar som dukkar opp på vår eigen sti.

God veke til deg!
Related Posts with Thumbnails