fredag 20. april 2012

Fin fredag!

Med kvitveis og smørblomst på bordet ynskjer eg helga velkomen i Rosaheimen. Den knallfine zink-lykta kjøpte eg på Patina sist helg, og den er eg veldig nøgd med.
Om litt kjem gode vener og spelar brettspel med oss, og i morgon er det fotballcup med Storesyster heile dagen. Oh yes, det er VÅR!

God helg :)

søndag 15. april 2012

Vår i sikte

Helga har forsvunne som ein vind. Me har feira bursdagen til min kjære, og idag svigermora mi sin dag. Helga haròg vore ei salig blanding av vinter og vår, med snøbyger, regnbyger og gløtt av sol. I går var i fylgje primstaven fyrste sommardag, og skal etter gamal skikk vere signalberande for korleis sommaren vert. Om dette stemmer kan me la ullkleda ligge framme i skapet, klare til bruk....


I går fekk me òg familieauke, då kattemora vår bar fram fem små nurk, der kun to viste seg å vere levedyktige. Litt kynisk, men: det er igrunn akurat passe, slik at me kan verte kvitt dei når dei vert store nok. Skal nok avbilde dei små byltane, når dei om nokre dagar har fått litt meir kjøtt på beina, og små plirande auger :) Jentene er djupt betatt av dei små dyra, og vil sjølvsagt ikkje at me skal gje frå oss ein einaste av dei..


Trass skiftande vèr er det tydelege signal i hagen på at våren er på veg. I fjor sette eg ut løkar frå påskeliljene eg hadde hatt inne i høgtida, og jammen har dei klart å slå rot i bedet, og blømer no med sine friske, gule små blomar. Eg kjøpte òg ein art av snøklokker i løkform, som eg sette ut i fjor haust, der eit par stykker har klart å komme med spirar. Eg har høyrt at desse spreier seg fort, så neste vår håpar eg dei har utvikla seg til små klynger av kvite vårteikn. Eg syns snøklokker er så vakre!

Etter ein noko trøytt "dagen derpå" er det no på tide å hive seg i loppekassa, og legge seg på lading til ei ny veke. Denne inneheld barnebursdagar, møter, øvingar, og vert krona med årets første fotballcup neste helg.

Klar, ferdig, dra pusten djupt; God veke!
Related Posts with Thumbnails