måndag 26. mars 2012

Cath Kidston-veske, made by me

Det går litt trått å blogge via mobil. Men, eit lite livsteikn kjem her.

Bihulebetennelse er overstått, og eg tenkjer at pencillin er ein fin ting :) i helga hadde me tre fantastiske sol-dagar, og det gjorde så godt!

Fredag kveld gjekk eg i gang med eit prosjekt eg fekk i posten sist sommar. Eg fekk nemleg boka Sy! av Cath Kidston i Hobbybokklubben, og med den fylgde ferdig klypt stoff til ei veske. Eg skulle berre nett sjå på det. Så måtte eg berre sy ein saum. Og ein til. Og ein til..... plutseleg var veska ferdig - og klokka var 03.10.....

Veska er ganske lita, og passa glimrande når eg skulle i 50-årsfeiring til ein sambygding laurdag kveld.

No er helga passert, og regnet er tilbake, men ein kan leve ei stund på slike dagar. Håpar helga di var fin, og at veka vert det same!
Related Posts with Thumbnails