fredag 16. mars 2012

God helg!

Med oransje tulipanar ynskjer eg deg ei god helg!
Eg er framleis utan PC, og ser ut til å verte det ei stund.
Ei anna ny erfaring er bihulebetennelse, men den skal eg nok bli kvitt snart, når eg no har fått antibiotika til å kverke skiten med. Helg er uansett ein fin ting! :)

Håpar du får ei god helg der du er!

torsdag 15. mars 2012

Give away hos Kvardagsgleder

På deb fine bloggen Kvardagsgleder kan du vinne fine termokrus, påskegule eggeglas, eller ei brikke.

Sidan eg bloggar pr iPad får eg ikkje lagt vanlege lenker, men gå til http://hushansen.blogspot.com/ og ta ein kikk!

Kvelden blir tilbrakt på sofaen, som dei fleste kveldane denne veka. Satsar på at helga tek vekk bomulla som har lagt seg over topploket mitt!

God helg i vente!

tysdag 13. mars 2012

Sy-mønster i scrappe-perm

Nei, eg har ikkje teke ny pause - eg er "berre" utan PC. For meg er det i grunn eit skrekk-scenario, sidan svært mykje av det eg er engasjert i migg på den flate dingsen. Men no vil den ikkje starte, og eg må sende den til reparasjon. Hell i uhell skjedde det eit par dagar før garantien gjekk ut! No tek desperasjonen meg, så no vert det blogging via dertil eigna iPhone-app ;)

Før eg kom i gang med blogging igjen etter pausen min, begynte det å svive litt kreativitet. Eg rydda arbeidsrommet, og organiserte dei (foreløpig) få sy-mønstera i ein perm. Eg kjøpte ein "gråpapir"-perm på Europris, la på eit grønt bokbind, tok det av igjen, og dekorerte det med stempeltrykk og utstansa bokstavar. Denne våren er eg visst ekstra glad i lysegrøn.... Kanskje fordi det er håpet sin farge??

Stempla vart kjøpt i London i fjor, og passa perfekt til føremålet!

Den siste veka har eg hatt fleire syprosjekt, samstundes som eg har pleid omgang med paracet, nasesprau, snytepapir og ein og annan date med sofaen :). Meir om fyrstnevnte i eit anna innlegg...

God veke vidare!!
Related Posts with Thumbnails