måndag 5. mars 2012

Vårleg fornying i stova

Som de nok har skjønt, er eg fortida hardt belasta av sy-basillen. Eg får liksom ikkje nok timar med stoff, saks og symaskin!

Då eg og mamma var på Stoff og Stil for eit par veker sidan hang ei lengd av dette nydelege stoffet i butikken. Eg hadde i bakhovudet hatt ein plan om nokre nye sofaputer, og då eg såg dette vårfriske stoffet var saka klar! Vakumpakka puter (heilt genialt!) og ei passeleg lengd handla i vogna mi, og klødde i fingrane etter å komme i gang.
Den nydelege miniblomen fekk eg til morsdagen av jentene. Eg anar at dei hadde fått hjelp av snille svigermor ;)

 Litt kluring var det, med glidelåsar, men eg fekk det til å sjå sånn ca bra ut til slutt. Og, spøken me slo av i butikken, om ein duk av stoffrestar, vart jammen verkelegheit, den òg.

I bakgrunnen ligg oldemorsteppet eg hekla for eit par år sidan. Det har framleis ikkje vorte montert på ei bakside av fleece, slik planen er ;)

 Dermed er stova vorte litt fornya i vårfriske fargar, med fuglar og fuglehus, i mine favorittfargar.


Og berre for å understreke det - no har me igjen sol i stova, når den ein sjeldan gong lurer seg fram mellom regnversdagane.


Jau, eg likar våren. Eg likar den betre enn nokon gong!
Related Posts with Thumbnails