Laurdag, med vårleg luft og sol frå lettskya himmel. På programmet stod arbeid med ved. Bering, kløyving og stabling. Det var ikkje så verst å stå der ved vedkløyvaren med radio i hørselvernet, og kjenne vårlufta i ansiktet. Jentene har funne fram syklane, sjølv om snøen ikkje er vekke i bakkane endå. Men vegen, den er turr og bar!
![]() |
| Saueklyppar i "stroppen" |
På ettermiddagen skulle me opp til foreldra mine og vere med på saueklypping. Det er kjekt for små og store. Litt panikkarta i starten, då saueklypparen kom 2 timar før avtalt (må vere eit nokså ukjend fenomen. Fagfolk kjem då aldri FØR tida?), men alle var på plass innan han hadde fått installert seg. Og mannen hang verkeleg i stroppen, både i bokstaveleg og overført tyding. For å spare ryggen hadde han med seg ein sele som han hang opp i taket, og som han lente seg på når han stod der bøygd over dei mer og mindre viljuge sauene. 57 stykker tok han, og det på godt under to timar!
![]() |
| Min kjære hjalp til med å hente små og store ulldottar. Nokre av dei trudde nok dei skulle sjå sin siste time.. |
![]() |
| Dei fine "villsauene" fekk og barbert seg litt. |
No har freden seinka seg. Utslitne ungar kubba på nullkommasvisj når dei endeleg kom seg i seng, etter ein aktiv dag og kveld. I morgon skal dei opptre med koret sitt i ein Disney-varietè, og mor har laga museøyrer til den minste, som skal vere med og sy kjole til Askepott ;)
Framleis god helg, og takk for koslege kommentarar! Det er kjekt å vere tilbake!







