torsdag 23. februar 2012

Ny start!

Det er vel aldri for seint å ta opp att blogginga, er det?

Over 2 månader har gått, utan at eg har sett på ein einaste blogg. Handarbeids- og hobbygleda har vore fråverande, saman med ein del anna. Men no, no øynar eg håp! Dei siste par vekene har eg faktisk vore på arbeidsrommet fleire kveldar. Ein tur på Stoff og Stil gjorde òg sitt til å inspirere. Resultatet skal koma i neste innlegg ;)

Ikveld vil eg berre vise fine blomar som eg har fått idag, to bukettar - heilt overraskande! 

Nyyydelege tulipanar frå ei veninne. På denne tida kunne eg tenkt meg å ha friske tulipanar heile tida. Dei er så friske, fargerike og vårlege!


Og bukett nr to, frå min kjære og Storesyster. Ho har vinterferie denne veka, og har vore med faren på jobb to dagar. I dag syns ho dei skulle kjøpe blomar til mor, og muntre ho opp litt. Mannen stod for finansane, og dama i blomsterbutikken var klok (evt lur) nok til å spørje jenta om kva som skulle vere med i buketten, i staden for å spørje han med kortmappa ;)





No håpar eg det framleis er nokon der ute som stikk innom det Rosa Universet i ny og ne, og slenger av ein liten kommentar. Tusen takk, snille Kristin, som har etterlyst meg opptil fleire gonger. Kjennest litt godt, det òg ;)

Og NO - no skal eg ut i bloggeverda igjen. Eg har nok enorme mengder å ta igjen, og skal ikkje ta mål av meg til å greie alt i kveld.

See you!
Related Posts with Thumbnails