måndag 5. november 2012

Kjekt!!

I går rydda eg arbeidsrommet mitt. Der har eg ein pult til scrapping/papirhobby, og eit bord med symaskin. Likevel er golvet best når det skal teiknast av mønster frå store mønsterark.
Kva det skal bli kan eg ikkje sei, for no er me på full fart inn i ei tid med hemmelegheiter, som ikkje skal avslørast før den kvelden du veit...

I kveld har eg klypt stoff, men oppdaga til min skrekk at eg ikkje har nok. Kanskje eg kan klare å snike inn eit lite besøk på Stoff og Stil fredag ettermiddag?

1 kommentar:

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Halloen!

Må nog rydde litt i arbetsrummet jag med, så att jag får plats till alla julprojekterna... :-)

Ha det fint!

Related Posts with Thumbnails