søndag 11. november 2012

Ferdig vaskerom!

Heilt sidan me flytta inn i Rosaheimen, har eg ønska meg eit vaskerom. Først hadde me vaskemaskin på badet, men etter dei store lekkasjane våren 2010 laga me nytt bad, og der var det ikkje rom for vaskemaskin og tørketrommel. Dermed havna desse i (den mørke, ekle, edderkoppfyllte) kjellaren.

Men denne sommaren fekk me endeleg hol på byllen, og bygde den gamle snikkarbua innanfor badet gjort om til eit flott vaskerom. Eg hadde eit par turar på IKEA og samla inspirasjon til innreiing, Rosamannen snikra og snikra. Ein sambygding la golvbelegg etter at me sjølve hadde lagt ned varmekablar. Den gamle tømmerveggen er lakka med golvlakk, og eg likar (som vanleg) kontrasten mellom den grove veggen og resten av det lyse rommet.

Alt inventar er frå IKEA, og rommet fungerer som ein draum. Skal ein klage på NOKO, må det vere at det er litt liten golvplass til turkestativ. Ellers er det perfekt!

(eg har merka alle boksane med den nye DYMO-maskina, men slit med å få lappane til å henge på plast. Nokon som har eit tips til dette?)










10 kommentarer:

Refleksjon på livsvegen sa...

Så flott eit vaskerom!!

Takk for insp :-)

Og flott veke til deg!

Anonym sa...

Genialt enkelt og enkelt genialt :-)

-Mange gode tips her Rosa. Takk takk. Det nærmer seg kansje at eg og får meg "nytt vaskerom" snart. Sjøl om det eg har funke greitt -så mangle det oppheng etc....

God veka kjære du!!

Anne Tone :-)
(Rodihob kvile seg)

Therese ❦ Fjellrosa sa...

Så kjekt det ble og praktiske løsninger. Vi har eget vaskerom selv og er så glad jeg slipper å ha vaskemaskina på badet. Det er i grunnen fullt nok som det er ;)

Håper du har hatt en fin helg og får en fortsatt fin mandag :)

Orlaug sa...

Skikkeleg flott....og so ryddigt, då.......
Slik vil eg òg ha:)

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Wow, så flott!

En støvel og en sko sa...

Så fint vaskerom! Vi var innom Ikea i helgen og ble inspirert til å pusse oppvaskerommet vårt. Det ser ikke ut, der inne, og trenger sårt en oppgradering. Nå ble jeg enda mer inspirert. så flinke dere er :-)
Gler meg til å lese mer på bloggen din her :-)
Fin helg til deg.
Klem fra Sølvi :-)

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Å så härligt med ett så flott vaskerom. Håper på att vi nån gång får det så fint i vårt.

Ha en fin helg!

Anita Kristin sa...

Så kjekt med eit praktisk vaskerom. Alt vert jo so mykje enklare då!

Fin veke til deg!

Henriette sa...

For eit flott vaskerom. Det er draumen min og. Me har egentleg ganske stort vaskerom, men har ikkje tenkt i det heile då me innreia det. Å pusse opp vaskerommet, og få inn skikkeleg innreiing er høgt oppe på ynskjelista. No er det lett kaotisk;)

Fantstisk skilt på veggen:)

Klem:0)

Anonym sa...

Heisann. flott vaskerom. lurer på hvor du har kjøpt de svarte og hvite skittentøykorgene ?akkurat passe str då eg har et langt og smalt vaskerom.

Related Posts with Thumbnails