torsdag 25. oktober 2012

Plutseleg tilbake!

Hei bloggeverden!

Er det nokon der ute?

Vår, sommar og ein halv haust har gått, utan eit einaste livsteikn frå Rosaheimen. Her har liksom ikkje vore plass til bloggen i månadane som har gått. Men no når haustmyrkret ligg tungt utom stoveglaset, ovnen knitrar, og snøen så vidt har flagra i lufta, så kjende eg plutseleg lyst til å verte ein del av blogg-samfunnet igjen. Ikkje veit eg kva som har gått føre seg i dette samfunnet heller i perioden eg har vore borte, men det håpar eg å finne litt ut av i nær framtid.

Kanskje vert bloggen no fleire bilder og færre ord? Kanskje mindre interiør og meir foto? Eg kjenner ei viss trong til å rydde opp i alle etikettane, få ein litt ny start, men foreløpig får den litt fornya headeren min vere bra. Ja, og så litt ny utforming, sjølv om det framleis er fint og rosa ;)

I dag kom det nemleg min heilt eigne DYMO-merkar i posten. Dermed har krukker og skittentøyskorger på (det no ferdige!) vaskerommet fått navn på seg, og eg fann ut at bloggen kunne få litt Dymo, den òg.


Så håpar eg at nokon av mine "gamle" bloggevener framleis er der ute, og ikkje minst, at nye kan kome til!

Me bloggast plutseleg!

3 kommentarer:

Henriette sa...

Så utruleg koseleg at du og har bevega deg inn att i blogge verda:) Eg har så vidt våga meg attende, og prøver å finne ut kva eg vil med bloggen vidare framover. Kjekt å helse på gamle kjende her inne;)

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Godt å se deg tilbake her, men har jo ikke vært så "bekymret" siden det har vært livstegn å se på andre plasser :)

God helg!

Annika sa...

Veldig kjekt å sjå deg att her i bloggverda - men som "Gamleheksa" skriv, har heldigvis sett livsteikn andre stadar, så har ikkje vore bekymra.

Er litt til og frå med blogginga sjølv også!

God helg!

Related Posts with Thumbnails