måndag 9. april 2012

På tampen av påska

Siste dagen av påska 2012 er eit faktum. I morgon er det striskjorta og havrelefsa att, og som vanleg etter ei rekkje fridagar er eg litt usikker på om eg er klar for kvardag igjen.
Småperler er svært populært i heimen. Storesyster har perla søte påskeharar, som har fått bu i påskelilja på stovebordet.

Noko anna som er vanleg er at fridagane har gått alt for fort. Me har hatt litt heimepåske, litt besøk hjå gode vener, og litt besøk hjå familien på begge sider. Dei gode venene bur i Bergen, og dermed vart det litt bypåske for oss. Onsdag var det sol, og me nytta sjansen til ein tur på Fløyen for å gå på skattejakt/natursti. Me hadde ikkje heilt teke med i berekninga at det var snø og slaps over store delar av området, ei heller at skattejakta gjekk i "bushen", og ikkje langs det store nettet av grusvegar.. Dermed stillte 3 av familiemedlemene i joggesko (far sine i lær, heilt utan mønster i dei tynne sålane), 2 utan hue, 1 i rosa "pels" og minikjole..



Etter å ha gjennomført heile jakta var siste etappe ned unnarennet i Granbakken, ein hoppbakke som har samla 10 000 menneske på 50-talet. I botnen av bakken var det laga til ein bålplass, og her satt det fleire familiar og koste seg i sola. Eg har berre eitt stikkord: Bergans-gjengen. Eg tenkjer dei lo godt, då dei såg oss, som nok såg ut som skikkelege byfolk på tur, i våre "uniformar"! ;)

Her gjekk det tydelege skiljet mellom vinter og vår, på Fløyen.

Unnarennet i Granbakken
Jentene i ivrig oppgåveløysing.

Til slutt, eit bilde frå påskeaftan heime hjå foreldra mine. Heile familien var samla, og etter eit fantastisk måltid var (nesten) heile søskenbarnflokken ute på bakkane og leikte Rødt Lys og Tante Knute. Dei yngste er 4 1/2, den eldste - kjærasten til yngste bror min - er 20. Utruleg stas!


Idag er eg gjenforent med mine gode vener Paracet og Otrivin, etter fleire veker utan deira selskap. Satsar på at samveret ikkje blir for langdrygt denne gongen.

Håpar de der ute har hatt ei god påske, og er klar til ny veke!

3 kommentarer:

Frøken Lauten sa...

Ser ut som om du har hatt en kjempe flott påske :)

Jeg har gitt deg en award! Titt innom bloggen min :)

Klem Lotte

Heidi (Vidunderleg) sa...

Så fine bilete! Og ei skjønn perlegåve øvst! Ser ut til at påsken har vore fin! Paraceten er forresten selskap her også. Om enn noko ufrivillig!

Hilde sa...

He, he! Kan ikke huske å ha sett dere, i allefall var dere ikke de eneste som ikke var kledt etter været! Var mye isete partier på Fløyen den dagen, så vi fikk oss noen turer i grøftene vi også!
Håper ortrivin og paracet snart er lagt i skuffen igjen! Ha en fin uke.

Related Posts with Thumbnails