torsdag 12. april 2012

Familiens nye favorittrom

I huset vårt har me eit gjesterom. På gjesterom står den gamle, fine dobbeltsenga som me fekk overta med huset, og som navnet seier: her får gjestene våre sove.
Men det ville jo vere synd å la rommet stå heilt ubrukt, sånn til dagleg. Difor tok Rosamannen sist haust grep, og gjorde rommet om til "gutterom". Her hengde han opp dartskive, gitarane sine, sette opp el-piano, opptaksutstyr og stereoanlegg.


Så, til jol, fekk jentene våre Nintendo Wii, med ein god del ekstrautstyr. Dette vart ståande i stova, sidan vårt einaste fjernsyn heng der. Men brått, no i vinter, dukka det opp ein ny flatskjerm i heimen. Dvs, ein ny brukt, på veg ut av heimen til ein kjenning. Den kom rett på veggen på gutterommet, og dermed rauk spelemaskina også opp dit.

Mor reiste på S&S og kjøpte dei største putene dei hadde, 90x90 og nokon litt mindre. Stoff og glidelåsar vart sjølvsagt også med i vogna, saman med to digre fleece-tepper,og etter eit par kveldar på arbeidsrommet kunne me innvie det ny-gamle rommet, no kalla spelerommet.


Her kan alle slange seg i den store "dagsenga", lent oppi dei mjuke putene, eller den digre bamsen som storesyster vann i Dyreparken for eit par år sidan. Veggane er akurat så gusjegul/grønne som dei var då me overtok huset, golvet er brunt, men nytt vindauge og lister er iallefall komme på plass...


Stova er litt mindre full, og familien har fått eit nytt favorittrom!

3 kommentarer:

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Så herlig med et sånn rom. Det er jo luksus at det skal stå tomt mellom hver overnattingsgjest. Dere driver vel ikke hotell heller :)

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Så kjekt med eit alt-muleg-rom som ale kan ha glede av. Kan tenke meg det er mykje fin musikk der - de er jo så flinke til å synge og spele!!

Flotte puer du har sydd. Skjøner godt det er kos å slenge seg nedpå senga der: )
KLEM!

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Härligt med ett separat spelerom. Kan tänka mig att ni koser er. :-)

Ha det gott!

Related Posts with Thumbnails