tysdag 13. mars 2012

Sy-mønster i scrappe-perm

Nei, eg har ikkje teke ny pause - eg er "berre" utan PC. For meg er det i grunn eit skrekk-scenario, sidan svært mykje av det eg er engasjert i migg på den flate dingsen. Men no vil den ikkje starte, og eg må sende den til reparasjon. Hell i uhell skjedde det eit par dagar før garantien gjekk ut! No tek desperasjonen meg, så no vert det blogging via dertil eigna iPhone-app ;)

Før eg kom i gang med blogging igjen etter pausen min, begynte det å svive litt kreativitet. Eg rydda arbeidsrommet, og organiserte dei (foreløpig) få sy-mønstera i ein perm. Eg kjøpte ein "gråpapir"-perm på Europris, la på eit grønt bokbind, tok det av igjen, og dekorerte det med stempeltrykk og utstansa bokstavar. Denne våren er eg visst ekstra glad i lysegrøn.... Kanskje fordi det er håpet sin farge??

Stempla vart kjøpt i London i fjor, og passa perfekt til føremålet!

Den siste veka har eg hatt fleire syprosjekt, samstundes som eg har pleid omgang med paracet, nasesprau, snytepapir og ein og annan date med sofaen :). Meir om fyrstnevnte i eit anna innlegg...

God veke vidare!!

3 kommentarer:

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Så kjekt at du koser deg med kreative sysler, og så mykje flott du kreerer!! Ikkje fullt så kjekt med snytepapir og paracet. God bedring: )
KLEM!

Anne sa...

Kjedelig med ødelagt pc :( Man er ganske avhening av den ! Flott perm, gleder meg til å se mer av dine kreative påfunn fremover :) Klem

Orlaug sa...

Den var veldig fin.........kanskje eg må bestille meg ein slik..........eller ynskje meg ein????

Related Posts with Thumbnails