laurdag 3. mars 2012

Laurdag i vårens teikn

Laurdag, med vårleg luft og sol frå lettskya himmel. På programmet stod arbeid med ved. Bering, kløyving og stabling. Det var ikkje så verst å stå der ved vedkløyvaren med radio i hørselvernet, og kjenne vårlufta i ansiktet. Jentene har funne fram syklane, sjølv om snøen ikkje er vekke i bakkane endå. Men vegen, den er turr og bar!

Saueklyppar i "stroppen"

På ettermiddagen skulle me opp til foreldra mine og vere med på saueklypping. Det er kjekt for små og store. Litt panikkarta i starten, då saueklypparen kom 2 timar før avtalt (må vere eit nokså ukjend fenomen. Fagfolk kjem då aldri FØR tida?), men alle var på plass innan han hadde fått installert seg. Og mannen hang verkeleg i stroppen, både i bokstaveleg og overført tyding. For å spare ryggen hadde han med seg ein sele som han hang opp i taket, og som han lente seg på når han stod der bøygd over dei mer og mindre viljuge sauene. 57 stykker tok han, og det på godt under to timar!

Min kjære hjalp til med å hente små og store ulldottar. Nokre av dei trudde nok dei skulle sjå sin siste time..

 Fordelt på 3 generasjonar og 58 år var me 10 stykker på plass i floren, utanom klypparen. Og det var godt å ha mange hender i sving til å hente sauer og samle ull! Kjekt er det òg, å jobbe saman slik, og gjere ein liten innsats for å hjelpe foreldra mine. Når me i tillegg får koma på laurdagspizza som løn, er det ekstra stas.

Dei fine "villsauene" fekk og barbert seg litt.

No har freden seinka seg. Utslitne ungar kubba på nullkommasvisj når dei endeleg kom seg i seng, etter ein aktiv dag og kveld. I morgon skal dei opptre med koret sitt i ein Disney-varietè, og mor har laga museøyrer til den minste, som skal vere med og sy kjole til Askepott ;)

Framleis god helg, og takk for koslege kommentarar! Det er kjekt å vere tilbake!

1 kommentar:

Annika sa...

Saueklypping fascinerer meg, av ein eller annan grunn... Trur det er litt enklare/bedre no, med omreisande klypparar, enn når dei aller fleste gjorde det sjølve. Ser ut som de har hatt ein super vårdag! God søndag :)

Related Posts with Thumbnails