søndag 26. februar 2012

Turkis kjole - ein fjorårs-UFO

Dei siste par vekene har eg blitt bitt av sy-basillen igjen. Då mor mi kjøpte seg heilproff symaskin i fjor, fekk eg hennar gamle til låns. I juni var eg på sykurs hjå Tiljamiid, og ein tur på Stoff og Stil kort tid etterpå resulterte i opptil fleire ulike mønster og stoff. Men, etter å ha begynt på ein kjole til Vetlesyster vart det bom stopp. Heile hausten gjekk, utan at inspirasjonen innhenta meg igjen.


men no, etter ein roleg start på året, er "sykja" over meg igjen. Timane forsvinn som dogg for sola når eg går opp på arbeidsrommet. Og dermed var det ikkje så lange tida å få gjort ferdig denne turkise - absolutt sommarlege - kjolen til den vesle kjole-jenta mi. Eg kan nok telje på ei hand dei dagane ho har gått med bukse på denne sida av nyttår, så nye kjolar er ALLTID suksess hjå frøkna.


Denne var ikkje noko unntak (heldigvis), og måtte på fyrste barnehagedagen etterpå. Den er sydd i ganske tynt bomullsstoff, og vert nok minst like kjekk å bruke når det vert litt varmare i vèret. Og når ein gammal UFO (UnFinished Object) er gjort unna, då er det berre å ta fatt på nye prosjekt :)

4 kommentarer:

Rønnaug S. sa...

EN UFO som ikke lenger er en UFO! Nydelig! Kan tenke meg at ho likte den, ja :)

Anita Kristin sa...

Så fin kjole. Godt med alle UFOar som vert ferdige. Her har også sylysta byrja å komme tilbake.

Fortsatt fin veke!

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Välkommen tillbaka!

Väldigt söt kjole, skjønner gott att den blev en sukess. :-)

Håper du har haft en fin måndag!

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Heiheiheiiiii!!!!!

Der var du ja!!! SÅ bra!
Nydeleg kjole! Flinking: ) Og nydelege blomster under. Flink storesøster som plukka ut og sette saman!!

Ha fine dagar!! Har du lagt merke til kor lyst det er blitt??

KLEM!

Related Posts with Thumbnails