onsdag 29. februar 2012

Lilla kjole med sopp og applikasjon

Då Vetlesyster kom i barnehagen med sin nye turkise kjole, hadde besteveninna hennar komme heim og fortalt mora si om det. Mora er ikkje så glad i handarbeid, og sidan denne nabojenta snart fyller 5 år tenkte eg at det kunne høve seg med ei heimelaga gåve. Dermed heiv eg meg rundt, med samme mønster som til Vetlesyster, og etter tips om favorittfargar frå jenta sjølv tok eg eit lilla stoff eg hadde liggande. (Eigentleg skulle det verte ein kjole til Storesyster, men ho skal heller få noko anna.)


Eg hadde også eit mørkare lilla stoff med soppmønster på, som harmonerte perfekt med det lyse, og dermed var det berre å setje igang. Ein liten applikasjon våga eg meg òg på. Vlisofix på baksida, og tett sikksakk-saum rundt, og vips, så var eit hjarte på plass nede på kjolen.


I helga var Vetlesyster på besøk hjå veninna, og eg klarte ikkje vente heilt til bursdagen, så ho fekk ha med seg gåva, som ein aldri så liten tjuvstart på feiringa.
Mora og jenta vart omtrent like glade, trur eg, og eg syns det var veldig kjekt å sjå! Det einaste aberet var at halslinninga er i strammaste laget til å ta over hovudet til denne frøkna, så neste gong må eg kanskje legge inn knapping på ryggen, istadenfor "jukse-knappinga" (ei fald med påsydde knappar) som det er lagt opp til i mønsteret.

Det er så kjekt å sy! Og når ein i tillegg kan glede nokon, samtidig som eg ni-kosar meg ved symaskina, då er det tilnærma perfekt!

(Bileta er litt dårlege, men slik vert det når ein skal ta bilde i ein krok i stova, der det no aukande dagsljoset ikkje når inn.)

6 kommentarer:

Anonym sa...

Knall fin kjole!!!

rod i hob sa...

Flinke du e :-)
Kjempesøte kjole!!

Bildene va nå ingenting å klaga øve!!

Heidi (Vidunderleg) sa...

Flink du er!

Orlaug sa...

Flott kjole!
No har du verkeleg fått dreisen på da........lukke til vidare!

Anita Kristin sa...

Kjempeflott kjole. Trur eg må prøve meg på noko slikt snart.

Mønsteret til det som eigentleg er sminkepungar fann eg i ei Tilda bok, og med gode illustrasjonar og utførleg forklaring vart det faktisk ikkje so vanskeleg som eg hadde trudd, faktisk ganske enkelt:)

KRISTIN - Vingesus og Julebrus sa...

Superfin: )
Du er jo blitt den raceren på maskina du!!
Bildene er fine, skulle berre ønske dei var større...men det har jo eg sagt før. Veit eg kan trykke på dei...blir liksom ikkje det samme...!! : )

KLEM!

Related Posts with Thumbnails