fredag 18. november 2011

Frost - og varme

Den siste veka har me hatt kalde klare dagar. Vakre novemberdagar med den fyrste ordentlege rimfrosten. Kvar dag på veg til og frå jobb skulle eg gjerne ha stoppa mange gongar langs vegen og foreviga nydelege naturscener, men ikkje har kamera vore med, og endå viktigare - det går jo slett ikkje an å stoppe dei stadene det er aller finast, utan å skape farlege situasjonar. Dermed lyt eg berre suge til meg det eg kan med augene og hjarta. Eit par frostbilder utanfor huset har eg likevel fått.


 Veka har vore prega av noko så kjekt som masse grafisk arbeid, både på jobb og på fritida. Idag leverte eg joleutgåva av kyrkjelydsbladet vårt til trykkeriet, og det er alltid spennande å sjå korleis det artar seg når det kjem i posten. I tillegg skal eg framover ha den grafiske utforminga på eit anna kyrkjelydsblad - eller menighetsblad - som det heiter på den kanten av landet. Enno er eg ikkje skikkeleg i gang, men eg gler meg til det!

små iskrystallar vert nesten kunst...

Eg har slått meg til ro med at blogging må skje når tida tillet det, og det er visst helst i helgane. Ikveld er eg gressenke, sidan mannen har kurs for ei bedrift i Bergen, og eg har kost meg med laptop på fanget og vin i glaset. Eg har dessutan tjuvstarta litt på jola, og det er her varmen kjem inn!

mot-sol-bilde.

Heilt utypisk for meg, men når det kom ein førehandsbestillt CD i posten måtte eg berre høyre litt på den. Plata er Kjell Inge Torgersen's "Julelegender", og den har med ein gong segla opp som ei av mine favoritt-joleplater! I fjor tok eg med meg jentene  i Vangskyrkja då han heldt konsert der, og den opplevinga har eg ikkje gløymt. Tekstane har han stortsett oversatt sjølv, og det er berre så vart og vakkert, at håra reiser seg på kroppen og eg får "klump i magen" berre fordi det er så fint. Så, er du på utkikk etter å fornye jolerepertoaret, eller berre likar fin musikk, så kan eg verkeleg anbefale denne plata! No skal ho få kvile seg i CD-hylla mi til me iallefall har tippa over i desember.


God helg, då! (og god jol.......)

søndag 13. november 2011

Lilla juliet

Nokon strikkeprosjekt tek "evig lang tid" som Storesyster seier. Denne vesten har vore eit slikt prosjekt. 
I dette blogginnlegget, datert 10. mai var eg ferdig med vetleyster sin, og i gang med storesyster sin - for 3. gong, sånn ca. Etter å ha begynt på nytt igjen var det litt smått med inspirasjon, og dermed har ting teke tid. Sommaren har vorte haust, og nesten vinter, men då er det kanskje ekstra fint å ha ein vest i ull? Den er rikeleg stor (og vel så det), men når eg berre får somla meg til å setje i knappar, så vert den nok ganske fin på til den store sjuåringen min.


Den siste tida har inspirasjonen komme for fullt, rett og slett fordi eg ville begynne på eit nytt prosjekt. Og då er eg faktisk disiplinert nok til ikkje å begynne før eg har fullført det forrige.. *stolt*. Men NO er eg igang med neste prosjekt. Det er babyteppe - ikkje til meg ;)


Så står me for endå ei ny veke, som startar med ein tur til Hardingasete, og sidan går slag i slag. Eg gler meg, og brettar opp ermene til nye tak :)

Håpar du får ei god veke!
Related Posts with Thumbnails