Eg har innsett det (på høg tid, vil kanskje nokon sei) - eg er ein samlar. Men nokon ting samlar eg meir bevisst enn andre. T.d. er samling av rot heller ubevisst. Hybelkaninsamlinga er heller ikkje godt gjennomtenkt. For ikkje å snakke om einslege sokkar-samlinga, post-samlinga på kjøkkendisken, og skittenkle-samlinga i gangen.
Denne står i skarp kontrast, i all si kvitheit. Den er det aller nyaste tilskotet til samlinga. Kjøpt på kremmerhuset for ikkje så mange pengar, og med ei stang opp av hovudet - kanskje litt makabert - med stjerneklemme på, til f.eks. å feste bordkort eller eit bilete i. Eg likar den òg.
Og så kan du jo gjette kva eg ynskjer meg til jol ;)

Og så kan du jo gjette kva eg ynskjer meg til jol ;)

Det går ein smule trådt med blogging for tida, men eit og anna drypp vert det då...
I kveld har me oppdaga at Vetlesyster er full i prikkar som snart vert til blemmer, og dermed var det berre å legge kabalen for resten av veka. Med vannblemmer i hus reknar eg ikkje med at ho kan i barnehagen før tidlegast neste mandag. Håpar berre at ho ikkje vert like hardt ramma som Storesyster vart då ho hadde koppane for snart 4 år sidan.
Håpar du får ei god veke!

