Haust
Kvar vart det taa alle dei Fuglar,
som song
i Sumar so vænt millom Greino?
Sidan eg høyrde deim
ender og Gong;
og so vart det Stilla i eino.
— Han tagnar, Fuglen, mot Hausten.
Kvar vart det taa alle dei Blomar,
som stod
og nikka i Ljos og i Ange?
Eg ser yver Bøen,
men er inkje god
faa Auga paa ein av dei mange.
— Han visnar, Blomen, mot Hausten.
som song
i Sumar so vænt millom Greino?
Sidan eg høyrde deim
ender og Gong;
og so vart det Stilla i eino.
— Han tagnar, Fuglen, mot Hausten.
Kvar vart det taa alle dei Blomar,
som stod
og nikka i Ljos og i Ange?
Eg ser yver Bøen,
men er inkje god
faa Auga paa ein av dei mange.
— Han visnar, Blomen, mot Hausten.
-Per Sivle, 1909-
Det er ikkje tvil om at sommaren er over. Fuglar og blomar forsvinn, slik Per Sivle skildrar det så fint. Lauvet forsvinn òg - iallefall frå trea. Platningen vår er omringa av skog, og dermed vert det mykje lauv på denne tid. Sundag var det deilig opphaldsvèr med glytt av sol, og Rosafamilien var ute og gjorde hagen vinterklar.
Møblar vartflatpakka og satt under presenning, grillen er vaska etter alle kunstens reglar, og sidan me var så godt i gang var det like greit å sope saman lauvet på uteplassen. Vetlesyster syns det var mykje kjekkare å hive det utover igjen, men kunne til naud få det bak murkanten når mora kom med halvnøgde utrop over "hjelpa"
Med det var haustferien også over, og ei ny fullpakka veke er igang. Håpar du får ei fin ei!






