laurdag 8. oktober 2011

Laurdag + haustsol = utferdstrang!

Det har vore ein heller våt haust. Endelause regnversdagar, og undring over at det aldri vert tomt der oppe! Difor set me òg enormt pris på det når det endeleg kjem ein vakker haustdag med SOL, slik at me kan sjå kor vakkert det faktisk er ute! På slike dagar får eg maur i kroppen, og må ut, ut, ut....



Min kjære har hatt ekstrajobbing idag, og det var difor me jentene som måtte legge ut på tur, om det skulle verte noko. Dermed var det eit par plassar som vart ekskludert med det same. Etter tips frå bror min, og utlån av to motivatorar på 9 og 11 år, la me i veg, med Eljesstølen som mål.  Det er nesten litt flaut, men eg har antakeleg ikkje vore der på iallefall 10 år, om ikkje meir. Likevel var det mange stader som var kjende, og minna frå skiturar i barndomen dukka opp ved synet av ei gamal grind, ei hytte, og ein bratt sti gjennom skogen.


 Kameraet har stått på heil-manuelle instillingar heile turen, og det har gjeve litt ymse resultat. Det er ikkje alltid like lett å treffe både lukkartid og blendaropning når ein skal "trekke av" i ulike situasjonar, men iallefall nokre av bileta vart eg fornøyd med. Me såg både gneistrande vakre haustfargar, og spor av nysnø (!) langs vegen.



Kjekt var det òg at det var folk på stølen når me kom fram, så dei små fekk endå fleire å leike med, og me kunne sitte i solveggen og nyte dagen. Og til alt hell: når storesyster hadde ramla seg uti myra og var våt til langt over knea, då hadde husfolket eit par turre plagg å hjelpe oss med. Tusen takk!



Etter ein slik dag er det ekstra godt å kroe seg i godstolen, med litt raudt i glaset, og min kjære endeleg heime!
Måtte det verte mange fleire slike dagar utover seinhausten!

fredag 7. oktober 2011

Gåve som varar evig.

I tillegg til kjekke helsingar i lange baner på bursdagen min, fekk eg òg fleire fine gåver. Ei av dei var eit kort frå mi gode veninne Lene, som er ei superflink scrappe-skreppe!

Denne gongen fekk eg noko eg aldri har sett før: eit evighets-kort! Det kunne opnast igjen og igjen, og plutseleg var og komen rundt, og kunne begynne på nytt. Knallstilig, og eit aldri så lite mysterium!






Stilig, ikkje sant??
Tusen takk, Lene! Både for kortet, og for kinobillettar med lovnad om barnevakt. DET høyrdest digg ut :)

Fredagskveld, utom huset piskar regn og vind, og inne er det fyr i ovnen. Eg er 'gressenke', og klarar ikkje bestemme meg om eg skal invitere nokon på besøk, ta meg ein tur på arbeidsrommet og gjere noko kreativt, eller berre sitte her med PC'en på fanget når ungane er i seng. Iallefall er det godt med helg!

God helg til deg!

tysdag 4. oktober 2011

Talet er 31

Jepp, 31 er mitt tal, frå og med idag. Eg føler ikkje at det tyngjer, men det kjennest litt framandt.
Når ein er 31 år skal ein vel vere både vaksen og moden. Eg er litt usikker om eg er heilt "der".


Dagen har iallefall vorte feira med heidundrandes regn- og torevèr (som ifylgje det eg har høyrt betyr at eg ikkje har vore særleg snill i året som har gått ;) ), og ein svært livleg haustbasar på Frelsesarmèen, der Storesyster syng i kor, og ikveld debuterte som solist. Veldig kjekt!

Gåver ha det også vorte, både heimelaga og innkjøpte. 3 digre, langstilka roser hadde min kjære med seg heim etter jobb, og det er ingenting som luktar så godt, og er så vakkert som djupraude, fløyelsmjuke roser! Eg er dessutan døyvd, intet mindre, over dei utruleg mange helsingane eg har fått via sms, facebook, og varme klemmar frå folk rundt meg. Det er kjekt å ha bursdag!


Med ein halvtime att av dagen min ligg beina høgt, og eg avsluttar kvelden i rolege former saman med min kjære Rosamann.

Takk for seg!

måndag 3. oktober 2011

Er det Soria Moria?

Noko av det som facinerer meg aller mest, og gjer at eg må springe og hente kamera i ein fart, er lys og stemning. Og vakkert lys manglar det ikkje på når sola går ned bak fjella, og sender lange raude strålar opp mot den lettskya himmelen i vest. Akurat den har eg utsikt til frå huset mitt!

I kveld såg det ut som sjølvaste Soria Moria slott låg der bak fjella, og eg måtte prøve å fange det med kameraet mitt.



På fotokurset har me snakka mykje om bruk av histogram, og at det helst aldri skal "stange i veggen", verken på den lyse eller mørke sida, fordi ein då mistar informasjon i bildet. (Forklaring: histogrammet viser mengda av mørke og ljose punkt i bildet, og dersom kurvane går utanfor verdiane, betyr det at eit eller fleire felt består av berre heilt svarte punkt, eller berre heilt kvite punkt - altså ingen informasjon/detalj) For å illustrere dette; sjå på dei to bileta under. Det første i original, det neste er behandla i photoshop, slik at all billedinformasjonen i dei tilsynelatande svarte punkta trer fram. Litt stilig, syns eg, sjølv om det øverste av dei to er det finaste.



Denne veka var oppgåva å leike med dybdeskarphet, men der har eg visst komme til kort. Spørs om ikkje eg må ta ein stopp på veg til jobb i morgon, og finne eit motiv eg kan øve meg på...


Ha ei fin oktober-veke!

Related Posts with Thumbnails