Dei siste to vekene har eg meir eller mindre fungert (?) som dagleg leiar på jobb, sidan sjefen min har 2 vekers ferie. Å vere dagleg leiar fortonar seg nokså anleis i aktive septemberveker enn sommarsløve juli-veker, som eg har prøvd før. Det har vore utfordrande, med svært varierte oppgåver og problemstillingar, men samtidig er det kjekt med utfordringar! Det er jo dei ein veks på, og det føler eg at eg har gjort.
No er det ny helg, og også den vert aktiv, med konsert, pizzabesøk, og ein tur til kyrkjes på søndag, når vetlesyster skal få 4-årsboka si. Kjekt alt saman! Når me i tillegg har fått ny bil heim i tunet i kveld, tenkjer eg at det vert ei bra helg.
Denne rosa har sprotte ut på ei av dei nye rosebuskene eg planta i sommar. Den eine har desse rosa rosene (litt meir intens i fargen her enn på originalen, grunna eksperimentering med kameraet), den andre har gule roser med litt rosa kanting. Og rosa er til DEG, som stikk innom meg og legg att koslege kommentarar. Utan deg hadde det ikkje vore så gjevande å blogge, så tusen takk!
Og god helg!!



