laurdag 24. september 2011

loppis-engel fram i laurdagskvelden

Laurdagskvelden er nesten over, og det er stille i Rosaheimen. Eg likar å sitte i stova når resten av huset søv.  I ettermiddag fekk eg eit snev av ommøbleringslyst over meg. Eller nei, ikkje ommøblering. men lyst til å flytte litt på småting. På butikken stod det lyngplantar som var så sterke i fargen at dei nesten var sjølvlysande. I ein pose låg ein engel eg kjøpte på Mjøsmarknaden tidleg i august, men som ikkje hadde fått komme til heder og verdigheit endå.

No har den det. Eit veldig fint sjakkspel, kjøpt på Kreta for nokre år sidan, vart pakka vekk for ei stund, og på kommoden fekk lyng og engel overta plassen etter mytiske sjakkbrett-figurar. Eg likte forandringa.




I stovevindauga saman med den kvite hjorten står to lykter i marrokansk stil som eg kjøpte på Netthandelen i sommar. Netthandelen er farlege saker. Auksjonsside, der alt vert sendt frå samme lager, og ein dermed "sparar" porto og ekspedisjonsgebyr på å bestille fleire ting på ein gong. Det er lett å la seg rive med!! Men eg likar lyktene òg. Stovevindaugene våre har som du ser framleis ikkje gardiner, og kjem nok ikkje til å få det heller. Etter at me pussa opp stova sist sommar vart listene rundt desse vindaugene så store og spesielle at dei ikkje kan dekkast til med gardiner, syns me. Dessutan ville dei stele sårt tiltrengt lys inn i rommet. Dermed får dei vere slik, inntil me finn ut noko anna :)


No skal eg berre sitta "litt til", før eg finn vegen i loppekassen. I morgon går heile dagen med til fotballcup - årets siste! Me håpar på opphaldsvèr og glade fotballungar!

God sundag til deg!

tysdag 20. september 2011

Hardingasete - a Norwegian hideaway

Det er namnet og "slagordet" til kurs og konferansesenteret som ligg utanfor Tørvikbygd ved Hardangerfjorden. Her har dei bygd opp eit tun med 21 gamle hus frå Vestlandet, flytta til staden og møblert med ein kombinasjon av antikvitetar og funksjonelt inventar.

Eg var så heldig å få reise dit i jobbsamanheng, og sjølv om det (sjølvsagt) var regn og ruskevèr var det balsam for sjela å stå på bryggja og kjenne sjølufta i nasa. For ikkje å snakke om møterommet i 2. etg på naustet/sjøbua, som var fyllt av vakre møblar og detaljar. 

Eg må òg ta med maten; for om sjela fekk balsam, så fekk jammen ganen det òg, då me vart servert 3 rettars lunsj, med drivande ferske råvarer frå fjord og fruktgardar i nærområdet. Fantastisk godt!
Ta ein kikk på bileta nedover - eg kan varmt anbefale å legge neste seminar, jubileumsfeiring eller blåtur til denne norske gøymestaden ved Hardangerfjorden! (Heimesida deira finn du her)

Ein tidleg "airdondeck"-stol? Eller berre ein kvilestol for slitne fiskarar?

Upåklageleg utsikt over fjorden, sjølv i gråvèr.

Vakre mønsterteikningar i treverket på langbenken som stod langs heile bryggja.

ok, då...eg måtte hjelpe trossa litt på plass, men den var _nesten_ eit hjarta utan hjelp òg ;)

Veggen på naustet er dekorert med gode gamaldagse reklameskilt.

Ei diger skål med frukt høyrer med på hausten i Hardanger. Eg likte kontrasten mot den slitte gamle kista med den kraftige blåfargen.

Innreiinga i møterommet.

Alle gardiner eg såg haddeulike broderte kantar på.

Grusvegen går frå hus til hus, alle med eige namn.

Det er nok ikkje hest og kjerre som fraktar gjestene pr idag. Kanskje like greit?

Torsk m/potetpurè og rognsaus. Fantastisk!!!

I den vesle bekken står eit lite kvernhus. Og raunetreet sler fast,
om nokon skulle vere i tvil: Det er haust!

Me er inne i ei ny og hektisk veke, der det er er berre å klore seg fast i svingane. Masse kjekt, berre litt tett program ;)
Og: Tusen tusen takk for alle dei kjekke kommentarane eg har fått på dei siste innlegga. Det er så utruleg kjekt å høyre frå deko! :D

søndag 18. september 2011

Telys-kort fyllt av varme tankar

Sist veke laga eg et telys-kort til ei veninne. Ho har hatt nokre tøffe månader i kontakt med helse-Norge, i endelaus venting og uvissheit om helsetilstanden. I slike situasjonar er det så lite ein kan gjere, anna enn å vise at ein bryr seg. Det kan ikkje gjere noko fysisk frå eller til, men kanskje kan det gje ei lita lindring for ei stund? Det er iallefall håpet.

Ei lånt Hänglar-jente med ei stor krukke raude hjarter vart stempla, og fargelagd med dei gode tusjane mine.  Nydeleg papir, band og pynt som eg kjøpte i New York i fjor kom endeleg til sin rett. Kortet vart hengd på døra til veninna mi dagen etter det vart laga, og etter alt å døme vart målet mitt nådd :)

No håpar eg berre alt går rett veg, etter at ho dei siste dagane har kjempa sitt livs kamp, mellom slangar og maskiner på sjukehuset. Det som skulle vere eit rutinemessig inngrep vart noko heilt anna, og alt me kan gjere er å sende håp og varme tankar.


I møte med slikt vert våre eigne bekymringar så små og meiningslause, sjølv om dei der og då kjennest reelle nok. Desto viktigare vert det å ta eit steg tilbake, og sjå kor heldige me faktisk er. Kor viktig det er å ta vare på dei me er glad i!

Related Posts with Thumbnails