Siste veka før skulestart sette me oss på flyet til Burgas, Bulgaria. Målet for reisa var den vesle landsbyen Sinemoretz, berre 7 km frå Tyrkia. Det vart ei nydeleg veke! Sol og varme, men ikkje verre enn at me fekk sove om natta, og puste om dagen. Og sjølvsagt hadde eg kamera med! No har eg plukka ut ein del av bildene, og er klar til å lage fotobok frå turen. Fotoboka er det Star Tour som spanderer - ein fin gest, syns eg!
![]() |
| Piggtråd med havutsikt.... Svartehavs-utsikt, for å vere nøyaktig. Eg likar kontrasten, rett og slett. |
![]() |
| Vetlesyster, sand, sol, sjø - need I say more.. <3 |
![]() |
| Skumring, med det fantastisk mjuke ljoset frå sola som er på veg ned i havet. Eg og Rosamannen på tur. Stemning. |
Tusen tusen takk for alle dei kjekke og fine kommentarane om tivoli-kommoden min - jammen er det kjekt å blogge!!
God veke vidare - ta vare på dei du er glad i!







