Midten av august kom som eit sjokk, når me etter sommarferie og sydentur plutseleg skulle igang med alle dei faste gjeremåla på ein gong! No er rutinane igjen på plass, me har funne rytmen, og innimellom vert det tid til å kose seg på arbeidsrommet.
Det eg gler meg aller aller mest til akurat no, er fotokurset eg skal begynne på om få dagar. 6 mandagar utover hausten skal eg reise til Bergen, for å gå på Folkeuniversitetet sitt kurs i grunnleggjande fotografering med digital speilrefleks. Inspirasjonen til dette har eg aller mest fått frå Kristin, som tok både dette og neste kurs-nivå på FU der ho bur. Kristin tek dei mest fantastiske bileta eg veit om, og eg reknar ikkje med å "bli som ho" sjølv om eg tek dette kurset, men eg veit at eg vil få mykje meir utbytte av det supergode kameraet mitt om eg kan litt meir om ganske mange ting.
Dei noko mystiske bileta ikveld tok eg på flyturen til Bulgaria, 13. august. Me flaug om kvelden, og fekk ein nydeleg himmel til reisefylgje!
Håpar de der ute framleis stikk innom til meg i ny og ne - god helg! :)