laurdag 6. august 2011
Fire år
Denne vesle vakre, sjarmerande, rampete, kjærlege, temperamentsfulle, kjoleglade, gode prinsessa er 4 år idag. Dagen skal feirast, men dei store selskapa må me utsetje litt grunna ferietider.
Til lukka med dagen, jento mi!
torsdag 4. august 2011
Finaste toalettveska
Eg er superduperheldig, som har ei mamma som mellom anna er flink til å sy! Der eg knotar med å få til bein saum på eit skjørt, kan ho trylle fram dei vakraste ting med stoff og symaskin - slik som denne toalettveska.
Det nostalgiske biletet er printa rett på bomullsstoff, som sidan er stroke på eit anna stoff, kanta med silkeband og blonder, og til slutt har det vorte ei nydeleg toalettveske i rosa og lilla romantisk preg, akurat slik eg likar det!
Inni er det i tillegg til det store hovud"rommet" fleire lommer i sidene, og etter å haprøve- pakka i den kan eg stadfeste at ein får plass til alt som trengs!
Tusen takk, mamma - denne vert det ein fryd å ha med seg på tur!
tysdag 2. august 2011
8 år - bronse
Det har gått 8 år sidan eg og min kjære svara vårt aller viktigaste "ja". 8 år som mann og kone, i opp- og nedturar, gjennom tjukt og tynt. Det er faktisk bronse-bryllup! Eg syns bronse høyrest veldig fint ut for "berre" 8 år, når ein tenkjer på dei andre metall-dagane som kjem på høgare tal, men slik er det altså. Og berre så det er sagt: Rosamannen er vel verd si vekt i bronse ;)
Dagen har vorte feira i godt vèr, med deilig middag på plattingen vår, og ein aldri så liten dråpe musserande no i kveldinga. Måtte det verte 8 gode år til, og mange etter det!
Dagen har vorte feira i godt vèr, med deilig middag på plattingen vår, og ein aldri så liten dråpe musserande no i kveldinga. Måtte det verte 8 gode år til, og mange etter det!
![]() |
| Denne fine hjarteforma steinen fann eg i ein kulp på fjellturen eg og Storesyster var på ilag med bror min og alle dei fine gutane hans. Perfekt til føremålet!! |
Abonner på:
Innlegg (Atom)




