fredag 22. juli 2011

Ein dag med sørgeband


Ein uforståeleg dag, der vanvittige nyhende om bombeåtak og skyting i hovudstaden strøymer mot oss. Det fins ikkje ord. Tankane går til dei som er hardast ramma, dei som var der, dei som hadde sine kjære der.

22. juli 2011 vil for alltid vere ein dag med sørgeband.


Kringsatt av fiender,
gå inn i din tid!
Under en blodig storm –
vi deg til strid!
Kanskje du spør i angst,
udekket, åpen:
hva skal jeg kjempe med
hva er mitt våpen?

Hvor er ditt vern mot vold,
her er ditt sverd:
troen på livet vårt,
menneskets verd.
For all vår fremtids skyld,
søk det og dyrk det,
dø om du må – men:
øk det og styrk det!

Stilt går granatenes
glidende bånd
Stans deres drift mot død
stans dem med ånd!
Krig er forakt for liv.
Fred er å skape.
Kast dine krefter inn:
døden skal tape!

Elsk og berik med drøm
alt stort som var!
Gå mot det ukjente
fravrist det svar.
Ubygde kraftverker,
ukjente stjerner.
Skap dem, med skånet livs
dristige hjerner!

Edelt er mennesket,
jorden er rik!
Finnes her nød og sult
skyldes det svik.
Knus det! I livets navn
skal urett falle.
Solskinn og brød og ånd
eies av alle.

Da synker våpnene
maktesløs ned!
Skaper vi menneskeverd
skaper vi fred.
Den som med høyre arm
bærer en byrde,
dyr og umistelig,
kan ikke myrde.

Dette er løftet vårt
fra bror til bror:
vi vil bli gode mot
menskenes jord.
Vi vil ta vare på
skjønnheten, varmen
som om vi bar et barn
varsomt på armen!
("Til ungdommen", J.Nordahl Grieg)

torsdag 21. juli 2011

Slåttetauser for ein kveld

Foreldra mine driv eit brattlendt småbruk i bakkane over oss. Her lyt mykje manuelt arbeid gjerast, med slåmaskin, rive og høygaffel, for ikkje å snakke om den uvurderlege vetle traktoren som tek seg fram som ei åme overalt! Heile somrane går med til slåtten, og når regnet ausar ned er det ikkje mykje å misunne!


Å sei at me er flinke å hjelpe til ville vere ei grov overdriving, for ikkje å seie reinspikka løgn! Men ikveld har me iallefall vore der, eg og jentene. Dei bar det våte graset i armane, hoppa litt i haugane, og leika med hundane på garden medan eg friska opp gamle kunstar med riva. Som bileta viser - stor stas! No håpar me for Besta og Besten sin del at det vert mykje godvèr, slik at dei vert ferdige med fyrste runde, og kan få ei velfortent pause før runde to!






Igår hadde me superkjekt besøk av Annika og hennar Sindre, på veg sørover i landet. Utruleg kosleg å møte Annika, etter lang tids kommentarutveksling på bloggane. Men ikkje nok med det; imorgon kjem Kristin til bygda med mann og barn, også det ei blogg-veninne eg ikkje har møtt før. Me skal ta turen på Patina, og kanskje vert det tid til ein tur innom Rosaheimen òg? Eg gler meg, iallefall! 

tysdag 19. juli 2011

Hold a true friend...

Vetlesyster og pusen (som no har fått sitt hittil beste navn: Kattastrofe!) er bestevener. Heilt sidan me fekk pusen rett før jol, har Vetlesyster bore den rundt, gjerne bretta dobbelt, utan at pusen har gjort noko anna enn å vri seg laus om det vart for harde tak. Ein utruleg tålmodig katt! No har hannkatten vår fått ungar, og dermed bevist at å sjå kjønn på små kattungar er tilnærma umogleg! Både kattemora og dei tre små har stadige besøk av Vetlesyster, som nett må sjå litt, stryke litt, eller legge dei til rette. Om den nybakte mora er veldig fornøgd med akurat det skal vere usagt, men ho har framleis ikkje verken klort eller noko anna, når den vetle frøkna kjem stikkande.

No går diskusjonane høgt i heimen, om kor mange av dei tre som skal forbli her, og kor mange som skal ut. Me har fleire i familien som kanskje vil ha katt, så eg håpar at me kan få gjeve vekk to. Prinsessene derimot, er svært bestemte på at dei skal ha ein kattunge kvar, og at berre ein skal få ny heim. Tida vil vise kven som har sterkast vilje i saka... Inntil då: "Hold a true friend with both your hands!"

søndag 17. juli 2011

Campingvogndebut


Nokon gonger går det litt fort i svingane, her i Rosaheimen. Det er berre halvanna veke sidan eg lanserte draumen om campingvogn her på bloggen, få dagar etter at eg hadde avslørt den for min kjære. Sist sundag var me som før nevnt til Stord for å sjå på ei vogn, men denne var nok ikkje heilt det me leita etter. På veg heim derfrå stoppa me på Dale, der det stod ei campingvogn som min kjære hadde tru på. Etter ein omvisning  var eg òg overbevist, sjølv om prisen var noko over det eg hadde sett for meg at me skulle bruke. Måndag ringte me eigaren oppatt, og måndag kveld kom han og leverte den på døra. Så her er den, vår eiga Bjølseth 550, frå året 1988!


Onsdag tok me den fyrste prøveturen, opp på  fjellet Hamlagrø, som berre ligg eit par mil frå oss. Ein svært konsentrert Rosamann snirkla oss opp den smale og svingete vegen, og klokka var allereie 22.10 då me svinga oss ut på ei veglomme og stillte oss opp for natta. Sola  strakk dei siste strålane langs fjelltoppane rundt oss, og alt var stille og vakkert ved Svortatjørni, som det vesle vatnet heiter.

Eg rusla meg ein tur med kameraet når småjentene sov godt i soveposane sine, og jammen kikka månen opp over oss òg - nesten heilt full. Den spegla seg så fint i vatnet, og fekk det til å glitra som gull!


Utruleg nok sov me heilt til klokka ni neste morgon, og då var sola på plass igjen. Me kunne innta frukosten i vasskanten, og jentene hoppa frå stein til stein. Dei lurte på om ikkje me kunne bli der resten av dagen, for det var så vakkert!
Ein slik kort tur er fin til å verte litt kjend med vogna; finne ut kva me treng, små feil og manglar ved vogna, og gje ein forsmak på korleis ein bør pakke og innreie for at alt skal vere så praktisk som mogleg. Ikkje minst er det greit for han som skal geleide doningen langs små og store Vestlandsvegar at han får verte kjend med den på litt korte strekningar fyrst. Difor håpar eg på eit par småturar no dei næraste vekene, før me skal austover fyrste helga i august - MED vogn på slep.


Saman med mor mi skal eg på Stoff og Stil i nær framtid og kjøpe stoff til nye gardiner. Med litt tid vert det antakeleg nye puter også. Ikkje at dei er veldig utslitne, men dei ber jo eit visst preg av tiåret dei vart produsert - sjølv om dei er ROSA ;) Så får me sjå då, om me har campinglivet i blodet. Bilete frå vogna innvendig skal nok kome, men det får bli etterkvart.

No er den fyrste ferieveka over, og den har hatt ei klar hovudoverskrift: Sosial! Me har hatt små og store sambygdingar innom, nesten kvar einaste dag. Nokon har fått ein kaffikopp, andre har nytt medbrakt på platningen om kvelden under klarblå sommarhimmel. Utruleg kosleg, alt saman, og me har verkeleg sett pris på å ikkje ha nokon fastlagde planar å fylgje! Neste veke inneber litt meir timing, men når det er avtalar av det koslege slaget gjer det slett ingenting :) Satsar på at det vert ei meir aktiv veke på bloggen òg.

God veke!
Related Posts with Thumbnails