laurdag 9. juli 2011

Love is in the air

Av og til  dukkar det opp små detaljar som ein ikkje ser om ein ikkje tek seg litt ekstra tid. Slik var det med dette hjarta som bjørkene framfor huset vårt laga i lufta. Ein ettermiddag eg sette meg ned på trappa med ein kaffikopp dukka det fram, og eg måtte springe inn og hente kamera. Her har eg fyllt inn hjarta i Photoshop, berre for å få det endå betre fram.

No har eg begynt på ferie, og me har 3 veker utan ein einaste plan framfor oss. Herlegt, og nesten ein tanke skremmande, for ein familie som er vant til å vere i full fart heile tida ;)

Me satsar på fint vèr og småturar rundt omkring.

God helg vidare!

fredag 8. juli 2011

Draumen om ei campingvogn

Denne sommaren har eg stadig tenkt på kor fantastisk det ville vere å ha ei hytte ved sjøen. Ein plass å reise til, ein plass å finne ein anna type ro enn i si eiga stove. Fiske, bade - sjølvsagt alltid i fint vèr ;) Men, om ein ikkje plutseleg skulle arve noko av ein til no ukjend onkel, så vert det nok ikkje noko hytte ved sjøen på oss i næraste framtid. Dermed gjeld det å pense draumane inn på noko som er meir realistisk. Realistiske draumar syns eg er fint!

Difor handlar draumane no om ei campingvogn. Og etter ein tur (ikkje berre ein, om sant skal seiast - MANGE turar) på finn.no, har eg sett bilder av campingvogner i alle størrelsar, prisklassar og modellar. Eit hav av campingvogner!
Bilete lånt frå www.careavan.org
I heimen vår er det som oftast slik at Rosamannen er den impulsive, og eg er den som held att. Men då denne bråvåkna lysta på ei campingvogn kom over meg vart EG den impulsive. Og tru det eller ei - han vart den som held att. Ærre muuuuuulig!? Det kan ha noko med at han sjølv såg innmaten i nokre campingvogner då han var liten - campingvogner som svigerfar hadde kjøpt saman med ein sekk med kattar. Våte, fuktskada kattar!
Bilete lånt frå good.net.nz
Men no sit me altså begge på finn.no og surfar etter campingvogner i høveleg størrelse og pris, og fortrinnsvis utan fukt og råte. Og dersom ei slik skulle dukke opp, så opnar det seg jo ei heilt ny verd av oppussingsmoglegheiter (ikkje at eg manglar det i heimen, altså, men det er eit anna kapittel)! For alle dei vogner eg til no har sett er nokså stusslege innvendig. Det er mykje falma brunt og oransje, ispedd litt beige. Tenk så morro å friske opp med måling og tekstilar, og skape sin eigen vetle fristad - friheit på to hjul! (eller fire då, om mannen får det slik han vil ;) ) Eg kan nesten ikkje vente! Inspirasjonsbileta her syns eg var herleg friske, sjølv om me kanskje ikkje ville vere fullt så modige i fargebruken...

Bilete lånt frå happydayvintage.blogspot.com
Difor skal du ikkje verte overraska om det iløpet av sommaren kjem eit eller fleire campingvogn-innlegg frå denne kanten. Om ikkje motet forsvinn, eller våre ulike krav til ei vogn vert uforeinlege ;)

Skulle du ha gode tips om campingvogner eller inspirerande makeover-bilder, så kom med dei!

torsdag 7. juli 2011

Sommarsol og sommarregn

Kva er det med sommarregnet, som gjer det så utruleg vått? Ja, for eg er heilt sikker - det ER våtare med desse ettermiddagsbygene enn det er med "vanleg" regn. Som i ettermiddag - og igår ettermiddag. Eg og Vetlesyster var ute, det var varmt og fint. Og så; KLASK! Ein regndråpe formeleg smell i bakken. Så ein til, og ein til, før plutseleg alle himmelens sluser opnar seg, med eit verkeleg sus i lufta!


Eg er facinert! Ikkje at eg likar regn i tide og utide, for det hadde jo vore kjekt om ein slapp å køyre omkapp med regnbyga, slik eg gjorde igår, for å redde dei turre kleda på stativet! (Eg gal-køyrde ikkje, altså - men eg rakk det! ) Og altså: facinert! Kvar einaste dråpe lagar ein stor våt flekk der den treff bakken, og iløpet av minuttar er det store dammar i hage og veg, og den stakkaren som er ute og ruslar ein tur, han får seg ein real kalddusj, bokstaveleg talt! Fullt så morro er det nok heller ikkje for dei som slit med slåtten i desse dagar, og aldri kan lite på vèret, anna enn at det er ustabilt.


Men sommar er det like fullt! Det har me merka godt denne veka, med temperaturar over 20 grader kvar dag. Eg har kjøpt plaskebasseng til å ha på platningen, og grillen er flittig i bruk. No i ettermiddag slapp eg Vetlesyster ut i det før nemnde sommarregnet, men ho søkte rimeleg fort tilflukt under handkleet, den vetle frysepinnen ;)


Og når middagen var innteken og sola glytta fram att - då hadde eg og ho jordbær og is på trappa. DET var sommarkjensle, det! Rosamannen og Storesyster er på ein liten tur, og imorgon skal me hente dei heimatt. Det trur eg alle gler seg til :)


Etter ein antakeleg kort dag på jobb imorgon, med Vetlesyster som assistent, tek eg FERIE! 3 veker utan nokon planar skal verte nydeleg - og så får me håpe at det vert mykje sol og varme, ispedd ei og anna regnbyge ;)

måndag 4. juli 2011

Rosa englevinger

På turen min til Sandnes for nokre veker sidan hadde eg ein særs effektiv shoppingrunde (utan at det nødvendigvis er ein positiv ting....). Sandnes er kjend for sine mange interiørbutikkar, og i hovudgata låg dei som perler på ei snor. Forøvrig ganske dyre perler....


Heldigvis hadde dei nokon ting til overkommelege prisar òg, som denne lange snora med rosa englevinger. Du ser vel den? Rosa OG englevinger i samme andedrag - sjølvsagt måtte eg ha dei!


No heng dei i opninga som deler stova vår i to, og der syns eg dei heng godt. Meir Sandnes-snop kjem seinare ;)

søndag 3. juli 2011

Stryk det som ikkje passar...

På pipa på kjøkkenet mitt har eg malt eit rektangel med tavlemaling. Tavla er ikkje veldig mykje i bruk, sjølv om intensjonen var god, men nokon gongar finn eg ut at teksten skal endrast. 

Idag har det vore ein ganske våt søndag, og så langt i sommar har me (som eg vel har skrive til det kjedsommelige) ikkje hatt særleg mange skikkelege sommardagar med sol og varme. Derav tavleteksten under; stryk det som ikkje passar ;)


Når dette er sagt, så må eg jo ta med at gårsdagen var eit herleg unntak! me hadde over 20 grader, og strålande sol iallefall delar av dagen. Huset vårt ligg berre 20 meter frå vatnet, men det er lite brukt til bading, sidan enorme mengder smeltevatn finn vegen ned langs fjellsidene heile våren og forsommaren. No er det i tillegg flaumstort, grunna dei enorme nedbørsmengdene i veka som har gått. Men igår var det endeleg sommarvarmt, og me trengte noko å finne på. Dermed var det på med badedrakter og ned til det våte kalde. Mor sjølv dyppa kun storetåa, men småtyttene viste seg å vere skikkeleg tøffe, og var uti med heile seg!



No håpar me på fleire slike dagar - MANGE slike dagar, sjølv om berre halve familien har ferie foreløpig.

God sommarveke til deg!
Related Posts with Thumbnails