Sist onsdag skulle herr og fru Rosa arrangere sommaravslutning for korpset vårt. Då eg sat på styremøte i vinter og eplekjekt foreslo dette, såg eg for meg 25 grader og strålande sol. Platning og hage skulle endeleg vere fullførte prosjekt, med murar, tak og blomar. Mor i lett sommarkjole, jentene likeså. Vimpelrekker og rislampar, blomsterpynt og herlegt tilbehør til grillmaten, førebudd med masse av tid og omtanke.
REALITYCHECK! Me snakkar 22. juni. Heilt sidan 17. mai kan ein telje regnfrie dagar på ei hand, og temperaturen er rett nok tosifra, men ikkje med 2-tal fremst. Platningen har ikkje fått tak, og ein av to murar står framleis halvferdig. Fru Rosa har vurdert partytelt, men på yr.no seier dei at kvelden skal verte omtrent like bra som dagen, dvs overskya opphaldsvèr. Dermed slepp ho unna å leite fram eit stort (men ikkje stort nok) partytelt, der det er litt uvisst om alle delane er på plass. Fru Rosa har ikkje teke ferie, men har heldigvis verdas greiaste arbeidsgjevar, som seier "Vel heim!" når ho forlet kontoret kl 13 for å handle inn og førebu kveldens samankomst.
Herr og Fru Rosa hentar langbord, finn fram kvite dukar som sjølvsagt er for korte og må skøytast med andre dukar - ikkje like kvite. Papirduk hadde stått på handlelista, men uteblei på mystisk vis. Dessutan er det jo finare med ordentleg duk, iallefall om den er lang nok eller har lik farge. For å dra merksemda over på noko anna la eg på løparar i grønt og rosa, og medan salat-hjelpa jobba på kjøkkenet henta eg blomar som eg sette i store stetteglas på borda. Ny-innkjøpte rislampar i turkis og lilla vart hengt opp, saman med ei vimpelrekkje og ballongar. Eg hadde nemleg Storesyster med meg på handling, og meldinga var grei: Fest utan ballongar er ikkje fest! Stolputer på plass, og eit rose-teppe over den gamle og litt fuktige benken langs bordet, som stod klart med fine papptallerkar, koppar og serviettar. Pulsen var roleg, og i samarbeid med Rosamannen laga eg ein tomatsalat med raud løk, riven basilikum, fetaost og balsamicoeddik. Pose-foccacia stod i ovnen, og det var 10 minuttar til gjestene skulle kome.
DÅ kom regnet! Sommarregn er våte greier....og veldig plutseleg. I ein viss fart gjaldt det å berge puter og pappservise, rislampar og fargerike løparar. Men før det knipsa eg bileta i innlegget, sjølv om stolar osv stod litt her og der ;) Pulsen gjekk relativt høgt idet fyrste gjest ankom. Ut over vatnet såg det ut som regnbygene stod i kø, og eg var klar til å setje igang med å gjere plass til over 20 gjester innomhus. Men heldigvis -i takt med at fleire gjester dukka opp, trakk regneskyene seg tilbake. Dermed enda det heile godt: Med litt over 20 gjester grilla me på platningen vår, og hadde god plass! At noko av pynten ikkje kom fram att får heller vere. Maten vart bra og selskapet var godt, og myggen hadde visst like fin fest som oss, der han kom fram i store mengder og beit seg fast!
Ikveld har eg avslutta møtesesongen med eit evalueringsmøte etter Evangerlaurdag, og etter denne hektiske våren kjennest det utruleg godt å ha ei lang rekke frikveldar framfor meg og oss utover sommaren!
Tudelu!










