torsdag 16. juni 2011

Evangerlaurdag!

Så er det den tida på året igjen, då me arrangerer marknadsdag i sjølvaste hjarta av bygda - Gato. Med salsboder, masse aktivitetar for små og store, kafè, og dans om kvelden er det duka for ein innhaldsrik dag. Eg sit i nemnda, og har til min store forskrekkelse oppdaga at det berre er to dagar att! Saman med ei anna dame har eg ansvar for kafèen, og det at eg hadde forslaget til vaktliste klart for eit par veker sidan hjelper lite, når eg ikkje har kontakta damene før ikveld. 


Eg fattar ikkje var dagane fòr, og sit med ei lett panisk kjensle om eg får kabalen til å gå opp, eller om eg sjølv må vere med på alle dei tre vaktene, som straff for dårleg forarbeid. Urk!
Eg håpar den gamle regelen gjeld, at det ordnar seg for snille jenter. ....og sjølvsagt, at eg har vore snill nok!

Uansett, det vert ein kjekk og livleg dag i bygda, og skulle du vere i nærleiken, så velkomen! I kafèen lovar eg at det vert både grillmat, kaker og kaffi til alle som vil ha :)

tysdag 14. juni 2011

Prosjekt hage: mur

I sommar er det hagen som står øverst på "to do"-lista. Sidan me bygde platningen i 2007 har det igrunn skjedd fint lite her. Tanken er at me skal få murt eit par stader, planta blomar og busker, og på eit tidspunkt: bygge tak over platningen. DET gler eg meg til!

I vinter har me hatt oppussingspause i rosaheimen. Faktisk heilt frå me flytta heimatt i august ifjor og til no for eit par veker sidan. Tida, kreftene og inspirasjonen har ikkje vore der samtidig, og då vert det slik. Men NO er me igang. JIPPIII!

Fyrst må eg berre vise kor fint det vart då eg planta spanske margerittar i den gamle tre-krukka (kjem ikkje på kva det heiter, sånn i farta). Likte veldig godt den knall rosa fargen mot det slitne og rustfarga treet.

Men altså: prosjekt mur!
Denne litt triste skråninga, som ligg mellom "gangvegen" og sjølve platningen har fått seg ei ansiktslyftning.


Den flinke rosamannen har bore på forskalingsblokker og mørtel, stein og jord, og vips (kan eg sei, som ikkje har lyfta ein finger, anna enn for å fordele jorda litt utover), så har me både mur og blomsterbed! Jippi ein gong til!

No gjenstår det berre litt småputl på denne delen; finne blomar som vil trivast her, og sette opp noko stengsle mot resten av skråninga, slik at ikkje noko av den leirhaldige jorda rasar ut i bedet. Og så er eg litt usikker på kva me skal gjere med muren... "male" den kvit eller vere som den er ser ut ti lå vere dei to sterkaste alternativa.


Innspel om blomar og mur tek eg gjerne imot, eller berre ei lita helsing på vegen gjennom bloggeverda.

tudelu! :-)

søndag 12. juni 2011

Ei bygd full av driftige damer!

Dagens innlegg er reinspikka skryt, ispedd ein god porsjon reklame. Og den kjem i ord og bilder - mange bilder! Dette har nemleg vore helga der nokre av bygda sine aller driftigaste damer har invitert til innviingsfestar - to i talet, og det i to hus attmed kvarandre. Sjølv om dette innlegget vert langt, så fylg med. Sjå iallefall på bileta! ;)
-------------------------
Patina har eg skrive om før - det er den fine interiør/bruktbutikken i bygda mi. Sist sommar opna det kafè i butikken, og såvidt eg kan bedømme er det ein kjempesuksess! Dei serverer eigenprodusert mat, laga av økologiske og/eller kortreiste råvarer, og likar du stolen du sit på kan du faktisk kjøpe den med deg. Når det vert helg spør jentene mine om ikkje me kan gå på Patina, og om ikkje dei spør, så gjer foreldra det. Ein klar favoritt!
Denne vinteren har Patina-damene (og -mennene) jobba knallhardt saman med snikkarar, røyrleggjar og elektrikar for å lage til to leiligheiter til utleige i den gamle sjøbua der dei allereie har kafè og butikk. Og denne helga var det offisiell opning, og ope hus så alle som ynskte kunne koma innom og sjå på husværa. 
Resultatet er fantastisk!! Nytt og gamalt, kvitmåla og fargeklattar, gamle møre trebjelkar mot kvite veggar. Rett og slett heilt unikt! Difor må eg berre oppmode alle der ute som treng overnatting ein stad i området Voss-Bergen om å stoppe på Evanger og tilbringe natta der. På Patinabloggen/heimesida finn du meir informasjon om plassen, tilbodet og prisane.







--------------------------------------- 

Helgas andre innviingsfest var i nabohuset til Patina, nemleg det som tradisjonelt heiter Rongahuset. På seinhausten 2010 vart det seld til ei fantastisk fargerik dame, som med kunstnarsjel og hjartevarme har innteke huset, etter at det delvis har stått tomt i fleire år. I 1. etg er det eit lokale som har vore kafè i ulike former i mange år. I si tid var det faktisk mor mi og ei anna dame som tok fram dei fine gamle tømmerveggane og fjerna x antal lag med maling, fekk lagt inn straum og vatn, og sette igang den fyrste kafèdrifta i huset. Men no, no er det altså kunstnaren Mona Nordaas som bur og arbeider her. Me fekk ei omvisning igår i mange av dei herlege små romma i huset, og eg er ikkje i tvil om at dette er rett dame for rett hus! Bileta under er kun tekne i det lokalet som har vore kafè, og som Mona sjølv hadde til bustad sist vinter. Det er som ei forundringspakke, der ein stadig oppdagar noko nytt! No gler eg meg berre til å sjå kva Mona får ut av Kunst- og kulturhuset Evangerista, som ho har kalla det!

Tema for festen var "Veggpryd og andre prydgjenstander", og Mona sjølv  agerte stålampe.  På festen elles var det både "elg i solnedgang", lysestake, klokkestreng, eit portrett frå 50-talet og klesstativ. Sjølv var eg ei prydbusk, - rose ;)





And that concludes todays blogging from Rosa Univers. Imorgon set eg meg på båten til nydelege Stavanger og Sandnes for to dagar med kursing. Det vert nok òg fine dagar.

Takk for fylgjet!
Related Posts with Thumbnails