torsdag 9. juni 2011

Ny header - igjen

Igår sovna eg på sengekanten då Storesyster skulle leggjast. Ikkje meir enn ein halvtime, men likevel, kvelden vert litt så-som-så. Uinspirert - definitivt! Men istadenfor å finne senga att, slik eg tenkte, vart eg sitjande og leike i photoshop, for å mekke ein ny header til bloggen. Ikkje så lenge sidan sist, men eg har ikkje funne meg heilt til rette med den. No er eg mykje meir nøgd! Eg har endåtil fått bytta ut nokre av bileta nedover på høgresida!


tysdag 7. juni 2011

Sydilla: Ipod-vesker og legopose

Etter sykurs i mai, eksamen i månadsskiftet og shoppingtur til m.a. Stoff og Stil sist fredag, er eg endeleg igang med syprosjekt! Då eg, mamma og jentene mine tråla den digre stoffbutikken dukka det opp  stoff og mønster som troll av øskje - eg vert jo så overinspirert når eg ser alle dei fantastiske rullane med stoff, og knallfine modellar over alt i butikken!!!


No er eg igang, sjølv om dei fyrste prosjekta ikkje var etter mønster, men litt etter eige hovud og litt etter inspirasjon frå den store bloggeverda. Eg har altså sydd to små vesker i eit nydeleg, tynt vattert stoff, som jentene mine kan ha mp3-spelarane sine i. Desse spelarane er små og søte, og har sjølvsagt lang ledning med øyrepluggar på, og er dermed ikkje så praktiske verken for mor si veske eller jentene sine lommer. Ein rose-knapp til kvar, litt silkeband frå scrappelageret mitt, og eit band som også vart kjøpt på S&S, og vips, så vart det føremålstenlege vesker som vart svært godt mottekne :)


Før veskene gjorde eg (med god hjelp frå min kjære) ferdig denne legoposen. Stoffet til denne vart kjøpt for eit par månader sidan, men eg har ikkje komme igang. Det viste seg at når eg fyrst tok fatt var det heile gjort på knapt eit par timar. Praktisk og greit, med lang snor slik at posen kan brettast heilt flatt ut når legoen skal brukast. ENDELEG kan me få samla saman alle dei små bitane som katten og jentene elskar å spreie rundt seg på kjøkkengolvet!


Ikveld har eg klypt bitar til eit nytt prosjekt, og såvidt begynt å sy. Ein kjole/tunika til minstemor står no øverst på arbeidslista, og eg trur den vert fin, når eg berre får stotra meg igjennom mønsteret ;)

søndag 5. juni 2011

Supersosial solsøndag

Denne helga har me endeleg fått ein smak av sommar her vest. 2 herlege dagar med sol og varme har gjort underverk etter ca 1 mnd med samanhengande regn. Hagemøblane som me kjøpte i byrjinga av mai har endeleg vorte innvia, og idag har me ete både frukost og middag på platningen vår, med utsikt over vatnet, og elva som susar i bakgrunnen. Fantastisk deilig!

Når eg skriv frukost er det vel eigentleg mest riktig med brunch, for det vart ein veldig sein frukost. Før den tid hadde me både lyn-rydda huset, og hatt kaffigjester innom. Men å då kunne sitje der oppe på den skjerma uteplassen vår, med formiddagssola som sneik seg over tretoppane var omtrent som å vere litt på ferie.
Sidan var me ut i den fine bygda på tur, og gjekk igrunn frå den eine kaffikoppen til den andre, før me vende nasa heimatt, og fekk endå eit besøk. Det vart meir som ein liten grillfest der oppe, med 5 små og 4 store rundt borda våre. Det er så kjekt å endeleg ha nok bord og stolar til å kunne ha gjester!


Jentene kom med sommarblomar, som fekk plass i eit lite drammeglas på den gamle kjøkkenbenken. Den har fått litt ny drakt i helga, etter at me var på shopping fredag. På Stoff og Stil hadde dei voksduk i metervare, til 25 kr meteren. Det passa meg ypperleg, og eg syns det vart retteleg ljost og fint i den delen av rommet når den mørkebrune/oransje overflata vart skjult. Duken er festa med teiknestiftar og dobbeltsidig teip, slik at dersom eg nokon gong får overskudd og veldig lyst til å male kjøkkenbenken, så skal det gå an å få den av. Quickfix!!


Imorgon er det tilbake til den berømte striskjorta igjen. Det er mandag, jobb, og regn i vente. Etter ei veke, som trass eksamensstress og -mas har hatt sin sjarm med morgonar i vårt eige tempo, og heile dagar i heimen med berre mine eigne tankar og lydar. Det er utruleg godt innimellom! Eit par syprosjekt har det endåtil vorte, medan eg har venta på at mine søte små skulle finna roen i sengene sine. Dei (syprosjekta altså) kjem i eige innlegg, kanskje litt uti veka ;)


Ikveld sit eg, faktisk for aller fyrste gong sidan me bygde platningen for 3 år sidan (!) og nyt sommarkvelden med eit glas raudt, medan jentene ligg inne og søv. Det har ikkje vore mogleg før, fordi særleg Storesyster ikkje ville at me skulle vere utanfor "rope-rekkevidde" etter leggetid. Men takka vere Iphone, Ipad og walkietalkie-apps sovna ho ikveld, medan mor var ute og henta ned den siste av helgas 8 (!) klesvaskar på snora. Eit stort framsteg!

Det har rett og slett vore noko som minnar om ein aldeles perfekt dag!! Eg håpar du har hatt ei god helg, og at sol og varme har gjeve ekstra energi til å ta fatt på den nye veka!
Related Posts with Thumbnails