torsdag 2. juni 2011

Punktum finale ferdig HURRA!

Idag, etter 5 døgn meir eller mindre intens jobbing, eit par møter med "veggen", og god drahjelp frå min kjære og eit par medstudentar(altså ikkje på innhald, men motivasjon), kunne eg med enorm lettelse postleggje eksamenssvaret mitt. Å skildre kyrkjelege organisasjonstrekk, og deretter drøfte kva innverknad desse særtrekka har på styring og leiing viste seg å vere ei tøff oppgåve. Men no er det gjort, og det kjennest enormt godt! Eller for å sei det på ein annan måte: det var med stor entusiasme eg pakka saman fagbøker, permar og notatar og plasserte dei fint i bokhylla ikveld!


Før helga kjøpte eg ein bukett med peonar, den fyrste i Rosaheimen nokonsinne, men garantert ikkje den siste! Denne buketten har stått framfor meg og vore meir som ei trøyst i tunge stunder (dei, og så pusen då..), etterkvart som eg har sett dei hardpakka "ballane" med kronblad opne seg litt og litt. Eyecandy har fått ei ny tyding! Difor har eg no bestemt meg for å kjøpe ein slik plante, og ha i det lange bedet framfor huset mitt, side om side med roser og klematis. Fredag skal eg, mamma og småjentene ha ein tur til Åsane, og då håpar eg tid og krefter strekk til slik at me kan få ein runde på Plantasjen til slutt!
No er det natt, og imorgon (som eigentleg er idag) skal me spele i kyrkja under konfirmasjonsgudstenesta i bygda, som tradisjonen tru vert helden på Kristi himmelfartsdag. Det er alltid kjekt!

God natt, og god langhelg!

måndag 30. mai 2011

Eksamenspause og flink bror

No skundar eg meg litt. Skundar meg fordi klokka er snart 10, mann og barn har reist til sine respektive gjeremål, og eg eigentleg skulle vore igang med å skrive vidare på eksamensoppgåva mi. Men eg MÅ berre skrive dette fyrst....

Igår kveld lot eg nemleg (også) eksamen vere eksamen, og tok med meg mine søte små på konsert. Voss har, som eg sikkert har nemnt før, noko såpass unikt som eit lokalt symfoniorkester, med ei fin blanding amatørar, profesjonelle, unge og gamle. Eg var sjølv med i dette orkesteret då eg gjekk på ungdomsskule og vidaregåande, på trompet. Men igår kveld var det yngste bror min som var i rampelyset. Han var solist med orkesteret, og klarte oppgåva (ikkje uventa) med glans, der han trakterte både piccolotrompet, "vanleg" trompet, og flygelhorn.



Eg syns me har lov til å vere stolt, både "eine og hin", over den flinke vetleguten. (Nei, eg veit; han er jo ikkje så liten lenger..) Kjekt var det jo òg at både eldste bror og far sat i orkesteret og store deler av familien elles i salen, med stort og smått. Og ekstra nostalgisk vart eg då konserten vart avslutta med ein flygelhornsolo, "A child is born", som eg sjølv spela med det same orkesteret som 16-åring - akurat den kvelden og og min kjære Rosamann vart eit par....mimremimre ;)

Så er det berre å ynskje den flinkaste vetlebroren all verdas lukke med trompeteksamen neste veke, og sjølv brette opp armane og fortsetje med min eigen eksamen.

Tudelu!
Related Posts with Thumbnails