torsdag 26. mai 2011

Grafisk arbeid: Vossakyrkjemessa 2011

Som eg har skrive om fleire gongar før er eg så fantastisk heldig at eg får gjere eindel grafisk arbeid i jobbsamanheng. Ein av dei årlege hendingane eg utformar trykksaker til er Vossakyrkjemessa. Den føregår i Vangskyrkja, og er ei markering tilknytta vigslingsdagen for kyrkja i 1277. Denne dagen var faktisk så viktig at den var avmerka i primstaven med teiknet som er brukt øverst på plakaten. Dette symbolet har eg rekonstruert etter eit bilde/ein kopi av ganske dårleg kvalitet.

Årets tema er "Ung i kyrkja", og då tenkte eg plakaten (og dei andre trykksakene; program, annonse, billettar og flygarar) måtte vere litt sprek. Eit bilete av det lokale tensing-koret Refleks vart bearbeidd i photoshop, og gjort om til det som på fint heiter popart. Om du er i Vossebygda er det vel verd å ta turen på konsert i Vangskyrkja fredag kveld kl 19.00, der mange unge talent spelar og syng. Solistar, små ensemble og to kor, som representerer heile Hardanger og Voss. Laurdag er det seminar om ungdom og nettbruk, og sundag er det "ung messe" (gudsteneste tilrettelagt av og med ungdom, men som er for alle). Meir om Vossakyrkjemessa kan du lese her.


Sjølv skal eg nytte helga til eksamen! Eg skal prøve å vise at eg faktisk har lært noko iløpet av dei tre studievekene mine gjennom det siste knappe året, og oppgåva kjem på epost imorgon kl 12. Mann og barn skal reise vekk og gjere litt dugnadsarbeid, så eg og pusen skal styre heime, og prøve å få "krota ned" noko fornuftig om organisasjonar og leiing, på generellt grunnlag, og i kyrkja spesielt. Det er 8 år sidan sist eg hadde ein eksamen, så dette kan verte spanande!

Håpar du får ei super helg!

tysdag 24. mai 2011

Vår beste dag

Iløpet av vinteren som gjekk var det ein song som fanga meg. Fyrst høyrde eg originalen med Erik Bye, og kort tid seinare kom Marit Larsen sin fantastiske versjon av same song. Eg har nynna på den uendeleg mange gonger, og syns teksten på ein nydeleg måte oppmodar om å gripe dagen idag, samtidig som det alltid er eit håp for imorgon. 

Då eg var på den siste leiarutviklingssamlinga på Tjøme i april var det denne som vart mitt (og gruppa mi) sitt bidrag til "underhaldning" den siste kvelden. Sjølv om Marit Larsen har med seg Morten Qvenild på tangentar måtte eg klare meg med "luftorkester" - og det fungerte overraskande bra!
Idag har me hatt avslutningsmiddag for to gode kollegaer på jobb. Den eine går av med pensjon, den andre skal flytte til utlandet for eit år. Begge kjem til å verte sakna! I dette høvet gjentok eg "stuntet" med å framføre denne songen a capella. Smånervøs og med tekst-jukselapp i handa vart det visst skarre-R istadenfor den som rullar, og jammen starta eg litt lysare enn eg hadde tenkt, men det gjekk fint likevel :)

No syns eg du skal lese teksten under, og aller helst høyre youtube-klippet med Marit Larsen heilt nederst. Det er så vakkert at det stikk litt i hjarta!




søndag 22. mai 2011

Smykkeoppheng

Eg er ikkje ei slik dame som står på badet ein halvtime kvar morgon, eller pyntar meg med sminke og smykker kvar einaste dag. Samtidig merkar eg at etter eit år på lavkarbo, med påfylgjande vektreduksjon, så syns eg det er mykje kjekkare å pynta meg enn eg gjorde før. Eg har aldri tenkt at eg har så veldig mange smykker heller, men plutseleg innsåg eg at loppefunnet mitt som har fungert som smykketre i snart 3 år hadde vorte for lite. Dei fleste smykka låg i ein klase i vindauga på badet, og var igrunn lite dekorative, og umoglege å nøste ifrå kvarandre. 


Så har eg fundert litt på kva eg skulle bruke til smykkeoppheng. På loftet har eg gamle hyller/oppheng for kjøkkenhandkle, men eg visste ikkje heilt om dei ville vere det rette. Eg har vurdert "staur"/kvistar frå skogen, eller å kjøpe trollhassehl i ein butikk. Men idag gjekk det opp for meg kva eg skulle gjere!


Til 30-årsdagen min ifjor haust fekk eg (og kanskje eg eigentleg deler den med mannen?) nemleg eit nydeleg hjarta, meint for å henge opp bilder og kort. Den har hatt sin plass på kjøkkenveggen, men eg har ikkje heilt følt at den kom til sin rett der. Det syns eg den gjer no; Ein krok i tak-lista, og god gammaldags gøtt ned til festet i hjarta, og så var det berre å fylle på med smykker, øyredobbar og armband. Heldigvis har eg ikkje så mykje at det vart overfyllt, men akurat passe, slik at den både dekorerer litt, og skapar god oversikt og tilgang når pyntelysta er der.


Det gamle "smykketreet" (som vel eigentleg er ein slags lyktestolpe-imitasjon(?)) gjer framleis nytten, men no er det jentene sine smykker som heng der. Akurat passe!
Related Posts with Thumbnails