".....det er Norge i rødt, hvitt og blått."
Beina ligg høgt, eit glas med raudt står på flygelet ved sida av meg, og den siste timen har eg laga fotomontasje av bunadskledde jenter; Nasjonaldagen har kome og gått.
Det slo meg både igår kveld og idag, kor forskjellig me eigentleg feirar denne dagen. Ikkje berre folk ulike stader i landet, men også folk her i mi eiga bygd. Sjølv er eg oppvaksen med "korpslivets gleder" denne dagen. Så lenge eg kan hugse (som tydelegvis er omtrent 1987/88) har eg vore med og spelt i musikklaget i bygda, slik far og 2 eldre brødre gjorde. Dagen har starta med speling for dei på aldersheimen kl 9, og sidan har det gått slag i slag, med folketog i både 3 og 4 grender opp gjennom åra. Slik er det endå, sjølv om timeplanen har hatt nokre justeringar gjennom tida, slik at også musikantane kunne avslutta dagen med bordsete og underhaldning til liks med resten av bygda. Når samlinga i grendahuset er avslutta har me dei siste åra vore hjå foreldra mine, fått heimelaga potetsalat og vossadravle, m.a.
Men så var det dette med dei andre, då. Eg skjøna plutseleg at nokon faktisk har den vanen å sove til langt på dag, før dei kler på seg bunadar og startar dagen med folketog. Folketog hjå oss inneber forresten at alle er med og går i toget - ingen står og ser på, for om alle skulle gjere det ville jo musikklaget gått der åleine (slik me faktisk gjorde dei siste metrane av dagens marsj, då regnet hølja ned og folk trakk inn i bilane istadenfor å fylgje oss til stoppestaden. Ei litt sær oppleving!
(som me tok med stor humor) ) Den siste nytilflytta til bygda, som har vorte ei god veninne, undra seg over dette. Ho hadde alltid stått og sett på 17. mai-toget - ikkje gått i det sjølv. Tanken må inrømmast å vere ganske fjern :) Eg har forresten prøvd det ein gong, då eg og Rosamannen for 10 år sidan budde i Stavanger. Det er den einaste nasjonaldagen me ikkje har spelt i korps, og utan mål og meining havna me i Bjergstedparken, der det var "alternativ" nasjonaldagsfeiring, eller internasjonal sådan, om du vil. Deretter traska me inn for å sjå på folketoget, kjøpte oss ein kebab, og vende tilbake til den litt mørke og triste leiligheita. Ikkje ein av dei mest nasjonalromantiske dagane, kan du trygt sei!
Så har du dei som helst sit heime og ser barnetog og andre tog på TV, eller dei som har grilling med naboane til avslutning på dagen. Mest "i skuddet" i desse dagar er kanskje 17.mai-frukostar med familie og/eller vener? Nokon vil ha dravle, andre rømmegraut (om enn ikkje til frukost), mens endå andre ikkje kan klare seg utan bløtkake. Og for borna: pølse, is og brus!!
Ein felles merkedag, med så mange felles tradisjonar, og likevel så mange ulikskapar - sjølvsagt mange mange fleire enn dei eg har nevnt her. Det fine med nasjonaldagen, i tillegg til dei reint historiske fakta om grunnlov og slikt, er at istadenfor å vise fram militærparadar og våpen, så viser me fram borna. DET er verkeleg verd å ta vare på!! I den tradisjonen viser eg no fram mine eigne hurrajenter, som har hatt ein strålande dag. Detaljar som at bunadane, trass godt førearbeid, likevel ikkje passa, treng me ikkje henge oss opp i.
Me har trass alt sikkerheitsnåler!!
Håpar du hadde ein fin nasjonaldag der du var! Til lukka med dagen som har gått, og god veke vidare!