tysdag 3. mai 2011

"Nytt" blomsterbed

Jepp, då er gravejobben gjort! Leirhaldig jord og gamle stribukkar av nokre plantar er fjerna og køyrd bort i ei steinrøys. Tidleg i veka kom far min med 4 traktorskuffer kolsvart, deilig matjord, og fredag kvelden vart det planta i bedet. 


Etter tips frå Astrid vart det kjøpt inn to typar stilkroser (Peace og Queen Elizabeth), mørk lilla klematis, og kryptimian i kvit og ein lys rosa/lilla farge. Det ser jo litt slunkent ut endå, men eg håpar at det skal verte bra med tid og stunder. Enden som ligg nærast kjellardøra og porten vår er framleis nærast tom, så der lyt eg ha noko meir. Eg slengte nedi løkane til nokre liljer eg planta for eit par år sidan, og som plutseleg dukka fram då eg grov opp bedet, men tida vil vise om dei overlevde dagane utan jord og vatn på seg, midt i spire-sesongen.


Eg har tenkt å prøve å grave ned løkane til snøklokkene eg kjøpte før påske, og sjå om dei tek seg att neste vår. Naboen min har gjort det med påskeliljer, og det skadar jo ikkje å prøve med snøklokker heller? Det er noko eg har ønska meg i fleire år, så det hadde vore morro!


No er det berre å komme seg i bingen og sove på spreng. Eg har eit par gressenke-dagar denne veka, og då er det lite lurt å sitje oppe "halve natta". Eg må berre ta med det vesle gullkornet frå Storesyster på sengekanten ikveld. Ho las i boka si om Pippi, eg sat attmed og las i boka mi om organisasjonsteori (eksamen om 1 mnd - iiiiiik!). "Sjå den store boka eg skal lese, mamma! 176 sider. Kor mange har du?" Eg bladde opp og svara at mi var på litt meir enn 400 sider. Storesyster: "Det passar fint, for 40 er liksom det neste talet ditt. Du blir sikkert ferdig til då".


God natt, og god veke!
Related Posts with Thumbnails