...og med det er Storesyster vorten fotballspelar. Jenta var superspent, og saman med dei andre 1. klassejentene (og nokre gutar) la ho inn full innsats i jakta på den runde kula. Mor stod på sidelinja, og prøvde å vere engasjert (men ikkje FOR engasjert, sjølvsagt ;) )

Utan å utbrodere for mykje kan eg seie at eg har eit svært anstrengt forhold til fotball, og kvar einaste fiber i kroppen strittar imot at det skal gå to kveldar i veka + x antal helger med til denne aktiviteten i overskueleg framtid. Men sjølvsagt, når det er dette jenta vil (fordi "alle dei andre" gjer det), så støtter me opp så godt me kan. Idag hadde dei ein knapp times trening, laurdag er det lokal cup, mot lag som har trena minst halve vinteren. Det kan jo verte interessant ;)
Men kul var ho iallefall, jenta med lysande kvite fotballsko og knallgul gensar!