Fredag til laurdag var vetlesyster for fyrste gong på overnattingsbesøk hjå besteveninna si. Ho storkoste seg, og dei fann på så mykje kjekt, mellom anna blåste og måla dei påskeegg, som dei hengde på kvistar med pusekattar på. Jenta kom heim og var så kry over det fine produktet, og mor klappa henrykt i nevane.
Men, i Rosaheimen har me denne vinteren fått ein rampunge nr 3. Ei lita frøken (har det vist seg), med svart pels og lang hale, som nyttar eit kvart høve til leik og morro. Denne natta var ikkje noko unntak! Då me stod opp sundag morgon låg nemleg heile den fine påskekvisten på golvet!
Eitt einaste egg var heilt, resten var massakrert til det ugjenkjennelege! Eg kan lova at vetle pusemor ikkje var særleg populær den dagen,.... og etter eit par forsøk til lever ho framleis litt farleg. Samtidig må ein jo nesten smile litt òg, for eg kan jo skjøne at det er freistande for ein leiken katt å "kjenne litt" på egg og fjør som heng der og dinglar, sjølv om det er oppå ein disk der ho slett ikkje skal ferdast!
Dersom tid, krefter og inspirasjon sler til på same tid kan det hende me målar nokre nye egg. Men i boksen med påskepynt som endå ikkje var heilt opp-pakka kom det fram fleire egg frå tidlegare år, som no prydar påskekvisten, og iallefall til dels har fått henge i fred.
Til slutt, eit bilete av nokre vakre kvite blomar eg kjøpte før helga. Eg syns dei liknar på snøklokker, men veit ikkje om det er rett. Her er dei akurat tekne inn frå trappa, framleis regnvåte. Idag vart det trass halvdårlege meldingar ein nydeleg dag, så det lovar verkeleg godt for ei nydeleg påskeveke.
Håpar du nyt "den stille veka" der du er!