søndag 27. mars 2011

Sunday, sunday people

Sundagar kan fort verte litt rastlause i Rosaheimen dersom me ikkje har nokon plan, eller noko å finne på. Å gå 4 stykker innnfor husets fire veggar ein heil dag fungerer dårleg. Det høyrest kanskje fælt ut? Men stortsett går det jo bra. Idag har me hatt ein nydeleg, roleg frukost med egg og nysteikte rundstykker. Det er en stor favoritt hjå oss alle, og dei siste helgene er det faktisk vetlesyster som har etterspurt rundstykkene.


Seinare idag skal me til foreldra mine på middag, og det er alltid koslegt! Og ikveld, når natta senkar seg over bygda, då set - nei, legg - eg meg på NSB Sove, på veg mot aust. Den siste av tre studieveker står for tur, og den skal tilbringast på Tjøme i Vestfold. Eg har høyrt mykje fint om det området, og gler meg til å oppleve det. Eg berre håpar det er meir vår der enn her!!


Semesteroppgåva vart levert sist sundag, men presentasjonen eg skal halde for resten av gruppa er ikkje heilt klar endå. Det er heller ikkje kofferten, men dagen er jo endå svært ung, sjølv om klokka har gjort eit hopp i natt.

Satsar på eit vårlegt innlegg frå Verdens Ende uti veka (ja, det heiter faktisk det!), og håpar du har ein fin sundag!
Related Posts with Thumbnails