torsdag 24. mars 2011

Skal det vere eit gjørmebad - i kjellaren min?

Jaudå, den friske starten til tross (i forrige innlegg), så vart det nokre dagar til neste. Det kjem mellom anna av det eg antydar i dagens overskrift; me har fått oss eit aldri så lite badebasseng i kjellaren. Begge kjellarane, faktisk.

Tysdag morgon kl 05 vakna eg av at det ringte og banka på ytterdøra vår. Det er ikkje akurat eit normalt tidspunkt for besøk, så eg gav Rosamannen eit spark ut av senga (sidan eg låg med ei jente på kvar arm), og han var rask som aldri før ned trappa. Der stod far min, og utanfor huset vårt var det eit einaste kaos av vatn, is, drivved og stein. Elva ved sida av huset vårt hadde funne seg ein ny veg etter at bruløpet gjekk tett med digre isblokker.Det regna avsindig, og temperaturen hadde tatt eit bratt oppsving! Heldigvis for vår del fylgde elva ein tverrveg eit godt stykke bortover før den møtte ein ny veg og kom ned attmed huset vårt istadenfor rett på oss. Likevel var både pappa og me sjølve urolege (når me endeleg skjønte kva som stod på!), og før klokka var 6 hadde me kome på frokostbesøk til bror min som bur eit stykke ifrå oss. Jentene måtte berast ut i bilen hans (vår eigen stod bortanfor "elva" som gjekk rett over vegen, og dit kunne me ikkje gå), og vatnet gjekk nesten til knes på meg og mannen. I kjellaren var det minst 60 cm vatn.


Etter nokre timar med hardt arbeid hadde naboen fått bukt med det meste av isproppen i bruløpet, og elva begynte litt etter litt å finne vegen "heimatt". Vegen opp til foreldra mine sin gard var berre store grøfter, og på verkstaden til far min var det meste vått. Hjå oss var det vaskemaskin, barnevogn og diverse elektriske dippeduttar det hadde gått hardast ut over, men ein telefon til forsikringsselskapet sette maskineriet i sving, og etter eit par nye timar var saneringsfirmaet på plass. Det var òg lokalavisa, og dessutan NRK Hordaland med kamera og reporter, som førte til at Rosamannen vart den reinaste rikskjendis. Det var liksom ikkje måte på merksemd for ein våt kjellar, når ein tenkjer på alle dei andre som vart utsette for naturkreftene både denne dagen og andre dagar den siste tida!

Ein ser kor mykje krefter som har vore i sving, når vatnet mellom anna har hatt med seg desse glasfiberbaljane fleire hundre meter nedover vegen, til landingsstaden rett framom huset vårt. Digre isklumpar og store steinar var òg på farten...


Her ute er det skikkeleg kaos, med jord, stein, kvist, is, og alt anna vatnet tok med seg på veg nedover sitt nye løp. No startar opprydningsarbeidet, både ute og inne. Den eine kjellaren fekk me pumpa tom for vatn, medan det i den andre stadig vert fyllt på. Felles for dei begge er eit herleg lag av gjørme og sand. Men trass alt er det her hjå oss berre ting som er øydelagde. Huset står godt, og sjølv om me rømte frå det nokre timar opplevde me det ikkje som dramatisk. Heilt til det bakna på døra den morgonen sov me godt, og ante ingenting. Eg veit at foreldra mine hadde mykje større bekymringar for oss, heilt frå dei vart vekt av naboen midt på natta. Me er takknemlege for omtanken! Rørande omtanke haròg mange av våre kjære sambygdingar vist, når dei har sendt meldingar og ringt, med tilbod om hjelp og husrom. Det er fantastisk å sjå at det finst eit slik sikkerheitsnett i den vesle bygda vår når uhellet er ute!


No håpar me Moder Jord er fornøyd; ifjor sørga ho for vask av 1. og 2. etg i huset vårt - innvendig og utvendig. I år var det kjellaren ho tok seg av. Den vart vaska med Blenda hvit, men det ser ikkje ut som det hjalp nevneverdig. No har me ikkje meir hus å vaska (ikkje på den måten, iallefall), så no syns me ho kan halde fred ei stund!

Håpar de der ute er trygge og turre i vårløysinga!

måndag 21. mars 2011

plutseleg tilbake!

Hei på deg - her er eg!

Etter fleire veker med nesten total bloggstillheit er det på tide å gje lyd frå seg igjen. Her hjå meg har det vore full fart, og ein liten kalkyle gjorde det klart at bloggen måtte vike plass for eindel andre ting. Ikkje får eg den heilt store inspirasjonen av hektiske periodar, heller. Ikkje overskot til å ta bilder (Bileta i innlegget tok eg laurdag, då sola skein heile dagen og kasta herlegt, herlegt ljos inn i kjøkkenet mitt!), ikkje overskot til å tenkje ut nye innlegg.


Men NO - no er alt så mykje betre - trur eg! Iallefall vart den tidlegare omtala semesteroppgåva mi levert igår kveld. Ikkje akurat publikasjonsmateriale, men det lyt vere godt nok for denne gong. No står det berre att å lage ein presentasjon, som skal "framførast" for mine ca 25 medstudentar og våre førelesarar i neste veke. Då er det nemleg tid for den siste av 3 studieveker, og denne gongen skal me til Tjøme. Eg gler meg MASSE!

Ellers er det ikkje mykje nytt her i Rosaheimen, trur eg. Mor har fått seg ny laptop, og omsider har eg vel fått det meste av programvara på plass. Ikveld har eg for fyrste gong redigert bilder, og det er herlegt å ha Photoshop å leike med igjen! Eg har dessutan gjort ferdigt eit strikkeprosjekt ikveld, men det kan foreløpig ikkje visast fram, sidan det skal vere ei gåve ;)

No gler eg meg til å ta runden i alle dei bloggane eg ikkje har sett innom på vekesvis - håpar de alle har det bra!
Related Posts with Thumbnails