Dolce Gusto is my new best friend! Det er herleg å kunne brygge seg ein kopp kaffi på eit lite minutt når morgonen er travel, men kroppen skrik etter litt starthjelp, eller på ettermiddagen når roen i større eller mindre grad seinkar seg over heimen.
Litt starthjelp kunne eg ha trengt (for lenge sidan) med det som skal bli ei semesteroppgåve i leiarutviklingsstudiet mitt òg. Men, det viser seg - tru det eller ei! - at oppgåva ikkje skriv seg sjølv. Så ikveld har eg begynt. Litt. Nokre setningar har forma seg på skjermen, og nokre flagrande tankar har, om ikkje teikna seg klart, så iallefall byrja å bevege seg mot ljoset. Det er 11 dagar til oppgåva skal leverast, og 18 dagar til eg reiser på siste studiesamling, der eg skal presentere oppgåva for mine medstudentar og føredragshaldarar.
Det betyr at eg kjem til å fortsette med like "dau" blogg dei neste vekene som eg har gjort dei føregåande. Eg må rett og slett ta ein kaffipause. Dersom tid, lyst og overstrøymande inspirasjon kjem over meg gjev eg nok eit livsteikn, men ellers lyt eg via kveldane etter prinsesseleggetid til tankeverksemd og tasting om noko heilt anna.
Hejdå!






