laurdag 12. februar 2011

Hobbyrom

Mange som har kome på besøk i Rosaheimen har vorte forundra over kor stort huset faktisk er. Dei syns det har sett lite ut frå utsida.... Men huset har ei grunnflate på ca 85 kvm, og i 2. etg har me faktisk 6 rom som vert eller kunne vorte brukt til soverom i ulike størrelsar(!). Det rommet eg og Rosamannen har er ca 24 kvm, og har ein vegg dekka av innebygde skap. Jentene har kvar sine rom, og så har me eit gjesterom der det står ei nydeleg heimelaga dobbeltseng frå tidlegare tider. Dette rommet har dei siste vekene vorte omgjort til "gutterom", samtidig som den gamle senga står der og ventar på nye gjester. Min kjære har fiksa og ordna, hengt opp hyller og stativ, og no har han plass til både musikkanlegg, instrumenta sine, lydopptakar og dartskiva - her er det duka for mykje morro!

 Sjølv har eg hatt "jenterommet" mitt ganske lenge. Eit av dei små romma, som før var soverom til tidlegare eigar si dotter, er no i endå større grad vorte tilpassa meg og mitt. Det gamle staselege skrivebordet er supert til scrappepult, med små hyller over til knappar, band og annan pynt. Dei romslege skuffene rommar stempelsaker, klistremerker, limtilbehør og diverse papir.

 Det som er nytt er at den gamle senga har vorte bytta ut med det gamle databordet vårt (ikkje gamalt i den forstand, men det har fylgd oss heilt sidan me flytta for oss sjølve ilag, for litt over 10 år sidan), der eg har både printer og kuttemaskina Silhouette tilkobla ein litt forelda PC. Attmed den kvite kommoden som innehelg både stoff til syprosjekt, litt huer og vottar, og dessutan ei skuff med innpakningspapir og gåveband, står eit bord med mamma si gamle symaskin på. Eg har hatt eit par mindre prosjekt med denne (vert jo så innihampen inspirert berre eg får ein Stoff&Still-katalog innanfor eit par meters omkrets!!), men føler ikkje at me har blitt bestevener, akurat....


I tillegg til denne ommøbleringa kjem det kanskje viktigaste; på den eine kortveggen har eg fått opp hyller! Dei gamle butikkhyllene som låg i huset kom til nytte til slutt, og passar supert inn! Foreløpig ein tanke ustruktererte, men veldig kjekke å ha!

Igår kveld sat eg i fleire timar på rommet mitt, og fekk laga to kort. Det var utruleg kjekt å sitte og jobbe når alt var så tilgjengeleg!

Har DU ein plass til hobby og handarbeid?

PS: dårlege bilete vert det når det er kveld, taklampe manglar, og eg dessutan har seld den linsa som hadde brennvide ned til 18mm.. Vankelseg å ta bilder av rom, då..

onsdag 9. februar 2011

Tannfèen som svikta

Bilete teke (og redigert) med iPhone4
Her ser du ein svært nøgd 6-åring, som berre sekundar før hadde nappa ut si fjerde tann, og no er utan fortenner oppe. Ganske sjarmerande, ikkje sant?

Denne 6-åringen er ikkje av det lettlurte slaget, og om kvelden, rett etter tanna vart lagt i eit glas med vatn, hadde ho ei lengre utgreiing om at tannfèen ikkje fanst. Nei, det var foreldra som la pengar i tannglasa, for å lure ungane sine. Det var slik foreldre gjorde, det. Eg måtte love på tru og ære å ikkje putte pengar i glaset, for på den måten skulle ho bevise om tannfèen fanst eller ei.

Eg hadde tenkt å gjere som foreldre flest - dra ei kvit lygn, og putte pengar i glaset likevel, men då vekkarklokka ringde neste morgon, og jenta var på veg inn for å sjekke tannglaset, innsåg eg kva eg hadde gjort. - eller ikkje gjort! - Glaset var like tomt som kvelden før, dvs - det innehaldt vatn og ei melketann, men ingen tannfè-pengar. Heldigvis tok jenta det med stort humør, og var nesten triumferande då ho kunne konkludere med at det var me som hadde agert som tannfè ved tidlegare tannfellingar.

Men historia sluttar ikkje her: Min kjære la inn ein kommentar til NRK Hordaland på Facebook om historia, då deira tema for morgonen var hukommelse og dertil høyrende teflonhukommelse. Få minuttar seinare vart han oppringd av studiovertinna, som lattermild kunne fortelje i morgonsendinga om pappaen som hadde gløymt å vere tannfè. Dermed kunne heile fylket få høyre den småmorsomme historia om kor dårlege foreldre me er, som GLØYMER å putte pengar i tannglaset. Ikkje for det - tannpeng fekk jenta likevel, og søt er ho med "postluka", som ho sjølv kalla det idag.

God veke vidare - dei to siste arbeidsdagane denne veka skal eg nok ein gong på kurs i Bergen, og sidan det varar til godt utpå kvelden skal eg faktisk overnatte på hotell i byen. DET skjer ikkje så ofte...

Tudelu!

måndag 7. februar 2011

Sjokoladetakk

Sist haust, då det gamle skifertaket på toppen av Rosaheimenskulle bøta med livet, inviterte me til dugnad. Alt måtte ned på ei helg, frå stillaset vart sett opp og til snikkarane skulle ta fatt måndag morgon. Og dugnad vart det! Heile 15 personar stillte opp med arbeidslyst og godt humør, på den verste regnvershelga me hadde sett på svært lenge! Ei dame som ikkje kunne vere med i sjølve arbeidet passa ungane våre i timesvis, ei anna kom på døra med nybakt kake som me kunne ha attåt kaffien når me måtte inn og varme oss litt. Eg vert framleis rørt når eg tenkjer på innsatsen!


No etter nyttår tok eg fatt på eit lite prosjekt på scrapperommet i dette høvet. Eg har nemleg tenkt heile hausten at eg så gjerne ville få takka desse 15 på skikkeleg vis for hjelpa me fekk, og beit meg nok ein gong fast i ein idè frå Rønnaug -  denne gongen om innbunden sjokolade. Ganske kjapt og greit, men likevel noko lite ekstra.

11 sjokoladar vart det tilsaman (ja, for dei som kom parvis har faktisk måtta dela på godsakene), og no ligg det berre att ein her i huset, så no vågar eg meg på å vise dei fram. Han som endå ikkje har fått les nok ikkje så ivrig i bloggen ;)

Det er godt å ha naboar, familie og vener som kjem med ei hjelpande hand når me treng det som mest. Så får me håpa at det gjeld andre vegen òg...

søndag 6. februar 2011

Promarkers


Må berre dele eit mobilbilde av eit av mine første spede forsøk på stempelfaegelegging med promarker-tusjane mine. Det var litt meir tidkrevjande, men Å så mykje kjekkare å fargelegge slik, enn med stempelsverte. Vatn og pensel.
Og som alltid når ein kjøper noko nytt scrappeutsryr, har eg allereie funne ut at eg skulle hatt berre litt meir ;)
Related Posts with Thumbnails