torsdag 3. februar 2011

torsdag

Den umåteleg kreative tittelen på kveldens mini-innlegg fortel noko om at toppetasjen er tom (eller kanskje heilt full?) Ei travel veke er snart til endes, og eg skal tilbringe helga saman med 3 medstudentar som går på leiarutviklingsstudiet saman med meg. Me skal prøve å hjelpe kvarandre igjennom eindel av pensum, og det er dessutan ein viss fare for at det vert både kjekt og sosialt....


Ein gong i neste veke skal du få sjå kva kveldane denne veka har gått med til, og dei fyrste prøvane med ProMarker-tusjane som eg fekk i posten denne veka. Superkjekt å fargelegge stempel med slik verktøy!

Biletet er sjølvsagt av pusen vår, som flytta inn rett før jol. Han er ein ordentleg rampete kosepus, som verkeleg ser ut til å halde av jentene våre, sjølv om dei nok kan fare litt vel hardt med han til tider. Det ser me tydeleg når han, dersom me er så syndige å stenge døra på badet under kveldsstellet, står utanfor og remjar for å få komme inn, eller når han etter leggetid går og legg seg tett inntil dei. Pusen har forøvrig to navn, eit når han er kosete og eit når han er rampete. Det eine er Peter Pan, det andre er Jackass..... så kan du sjølv finne ut kva navn som vert brukt når ;) (Det er forøvrig storesyster som har funne på begge navna). I det siste har Rosamannen funne ut at kanskje det likevel er ein jentepus, og om det stemmer, så lyt ho vel heite Tingeling??

God helg, då!

tysdag 1. februar 2011

Fotoglede!

Når Rosamannen er på tur, ventar alltid jentene på ei gåve når han kjem heimatt. (Det same gjeld sjølvsagt når eg er på tur ;) ) Hovudregelen er at dei to små får noko, men nokre gongar har mor òg vore heldig, slik som denne gongen.
 Med seg frå Kongsberg hadde han boka "Fotoglede". Ei nydeleg bok, som eg foreløpig berre har bladd såvidt igjennom, men som ifylgje Libris-dama skulle vere den "hottaste" innanfor foto for tida, særleg rundt joletider.
 Eg gler meg til å ta fatt på den, og få nye idèar og kunnskap som eg kan bruke i leiken med kamera og linser. Og når eg føler for å ta ein pause - ikkje sånn midt på dagen, men litt utpå kvelden, då kan eg jo berre prøve denne drink-oppskrifta, som òg står i boka...


Tusen takk, kjære, for at du alltid har trua på meg!!

søndag 30. januar 2011

Puff

Må berre vise fram den VELDIG oransje puffen eg kjøpte på Brukt'n på Voss igår! For ein femtilapp var den min, og oppi er det litt oppbevaringsplass.

 Puffen lyser verkeleg opp der den står, men sjølv om den forsåvidt er i god stand, så er det ein del flekkar og slikt på toppen, som ikkje er så lett å vaske vekk. Difor tok eg like godt turen på Europris og kjøpte tråd som eg har tenkt å bruke når puffen skal integrerast i stova vår. Ved nærare ettertanke har eg òg noko høveleg stoff på loftet, som kan brukast i denne samanheng. Om prosjektet vert vellukka kjem det garantert eit "etter"-innlegg òg ;)

Related Posts with Thumbnails