laurdag 29. januar 2011

Jolekortbok

Jaudå, jola er for lengst over - sjølv her i Rosaheimen! Men sidan Trollkåno viste fram jolekortboka ho og Bonden fekk hjå meg (oss) til jol, tenkte eg at eg kunne vise fram den andre boka eg laga òg - den som svigerforeldra mine fekk.

Bøkene er gamle, kjøpt på Brukt'n på Voss, og idèen fekk eg av min kjære kollega Rønnaug, som i sin tur hadde fått idèen frå 3ndy papir og Wenche.

 Desse damene er råskinn når det kjem til papir og dekorasjon, så det er med ein lett skjelv eg lenkar deg vidare til dei, for i samanlikning av "produkta" ... ja, då kjem eg til kort. Men likevel, her er altså min versjon av jolekortboka.
 Stempelmaling har eg ikkje veldig stor erfaring med, og eg syns det er vanskeleg å male stempel med trykksverte. Difor har eg ikveld bestillt Promarkers, tusjar til å gjere akurat denne jobben! Eg gler meg som ein unge til dei kjem i posten! (eg sat og surfa lenge etter desse tusjane igår, og tru det eller ei, men i natt DRØYMDE eg til og med om dei!)

 Neste år kan det jo hende eg lagar ei slik bok til eige bruk òg. Rart med det - eg har scrappa ulike gåver som faktisk har ein funksjon, det vere seg tønner til oppfyringsbrikettar, eller desse bøkene, men her i huset finn ein svært få spor av slikt.
Håpar du har ei god helg!

torsdag 27. januar 2011

Peace and Joy

Møt Peace og Joy - det nyaste tilskotet til det eg etterkvart vil kalle englesamlinga mi. Dei fann meg på piren i Brighton, og då var det ikkje mykje anna å gjere enn å dra fram lommeboka. Med desse englane fylgde det vakre ord om kva dei står for:



Whenever you have worries
that weight heavy in your heart,
stand these Angels by your bedside
and love and hope will start.
for they'll care for you each night.
Bringing peace and joy each morning
delivering contentment with the light.
Denne veka er Rosamannen på si siste studieveke ifbm masterstudiet, og veka har gått i ein fart. Allereie imorgon er det fredag, og litt utpå kvelden kjem han heim. Småjentene har venta og sakna heilt frå han sette foten på stigtrinnet inn i toget, og gler seg voldsomt til å få pappen heimatt!

Eg har sjølvsagt òg sakna han, samtidig som veka har gått greit. Einaste problemet i skrivande stund er at augene sig igjen, og hovudet dett ned på brystet. Imorgon må me vere litt flinkare å lytte til vekkjarklokka, for mor sjølv skal reise med tog til Bergen på eit møte, og dermed kjem det ekstrakrefter frå snille Besta, som leverer jentene hit og dit.

Ergo: eg får skunde meg opp i loppekassa, der to fine små dynevarmarar allereie er på plass ;)

God natt, og god helg!

måndag 24. januar 2011

Glede i lufta...

Her hjå oss har me ordentleg, skikkeleg vinter, i år som ifjor. Snøen har komme jamnt og trutt, sjølv om den (som dei siste dagane) òg har vorte avbroten av skikkelege regndagar. Det er perfekte forhold for snøholer og snømenn, og i helga var me ute og basa i snøen saman med kjekke nabogutar. Tyttene mine kosa seg voldsomt med å hoppe, skli og krabbe i snøen, og fekk friske roser i kjakane.
Medan eg lagde denne vesle montasjen kom eg på teksten på eit stempel eg har på scrapperommet mitt: "Det er glede i luften når snø faller fra himmelen". Det er sant. Så mange gledar seg over dei kvite massane, sjølv om det er mange slags utfordringar med måking og framkommelegheit.



Idag, då eg i ein viss fart skulle hente Storesyster frå SFO, og så ile vidare til barnehagen for å plukke opp Vetlesyster, klarte eg å køyre meg bom fast midt på skuleplassen! Eg kom utanfor området der snøen var flatpakka, og der ute var det minst 30 cm rein snøsuppe! Eg gjorde forsøk med å grave vekk sørpa rundt bilen, og ein bror kom og gjorde eit forsøk på å riksle bilen ut, men til slutt var det berre ein ting å gjere: Eg ringte til den snillaste pappaen eg veit om, og spurde om han kunne gje ei hjelpande hand. I mellomtida kom ei av dei tilsette og LEVERTE Vetlesyster til meg der på skuleplassen, sidan eg ikkje rakk stengetid i barnehagen. Og etter ei bittelita stund var pappa der, med sterk bil og like sterkt slepetau. På ein augneblink fòr me bakover, ut av suppa og inn på "fastlandet" igjen.

På slike dagar, meir enn nokon gong, kjenner eg at det er godt å bu i ei lita bygd, med familie og vener på alle kantar. Sjølv om alle i det daglege kan synast å ha nok med sitt er det alltid nokon som kan trå til når ein verkeleg treng det!

Hurra for bygda, og TAKK for hjelpa!

PS: tusen takk for koslege kommentarar på London-innlegga. Ein av dei gjekk på at den fyrste montasjen kunne vore eit postkort eg hadde kjøpt - det tek eg som eit kjempestort kompliment, og forsikrar samtidig om at alle bileta er mine, og montasjen likeså. DS.
Related Posts with Thumbnails