laurdag 22. januar 2011

We will rock you!

Det kanskje største høgdepunktet på 4-dagarsturen vår til London, var nok opplevinga av musikalen "We will rock you" på Dominion Theatre. Musikalen er bygd opp rundt musikken og tekstane av Queen, og i forkant hadde me høyrt på dei aktuelle songane i bilen. Begge jentene har sidan dei var heilt små kunna refrenget på sjølve tittellåta, om enn i litt modifisert versjon (We will, we will Wok you!), og eg følte meg ganske sikker på at det ville bli ein suksess. Det var rett!
Sjølv om vetlesyster sovna på fanget til far rett etter pausen har ho snakka om songane og enkelte av artistane i etterkant. Og Storesyster.....det var igrunn verd heile turen å sjå stjernene i augo hennar under showet og etterpå! Ho verkeleg strålte, og som ho sa seinare "eg måtte berre la musikken sleppa ut i kroppen!".


Det finurlege manuset henta små tekstbitar frå Queen-låtane, og det var stadige referansar til hendingar, artistar og musikk i samtid og fortid. Kombinert med knalldyktige artistar på scena, og kjempestilige visuelle effektar vart det eit fantastisk show!! (Og sjølvsagt var det STRENGT forbode å ta bilete, men eg fekk snik-knipsa nokon likevel ;) )

Skal du til London er dette verkeleg noko å få med seg!

Brighton by day

Siste dagen i England vart ikkje tilbragt i London, men eit par timars busstur lenger sør, nærare bestemt i Brighton. Bileta talar igrunn for seg sjølv, og eg klarte ikkje heilt å velje, så difor vart det mange bilder i kveldens innlegg. Den utruleg vakre kystlinja, i vårleg vèr med 10-12 varmegrader og sol var ein fantastisk avslutning på turen vår. Brighton er kjend for sine bruktbutikkar, men etter 3 dagar i London der me hadde tråla Oxford Street opp og ned var det herleg å gå langs denne stranda, og ta ein tur innom piren du ser i bakgrunnen. Det siste me såg før bussen gjekk til Gatwick var sola som gjekk ned i havet.....











God helg!

onsdag 19. januar 2011

London by night

Med ein liten montasje (som vert større om du klikkar på den) av bilete tekne den fyrste kvelden i London kan eg stadfeste at me har vore der, og komme heimatt. 4 heile dagar er på ein måte ein evighet, og på ein annan måte som eit lite knips i den samme evigheiten. Denne kvelden var den einaste me brukte for å sjå dei store turist-plassane i byen, og det du ser her er vel det me fekk med oss. Målet for kveldsturen var London Eye, som desverre viste seg å vere stengt grunna årleg vedlikehald. Skuffelsen var nok stor, men det var sjølvsagt andre ting og opplevingar som kunne plastre såret.



Å vere på storbyferie med jenter på 3 og 6 år er - ikkje uventa - noko annleis enn å reise berre vaksne. Når me i tillegg reiste som ei gruppe, der delar av programmet var lagt, følte eg kanskje at me fekk utnytta tida litt dårleg når det gjaldt å sjå byen. (og det kom nok mest av litt manglande planlegging) Det me derimot fekk gjort nok av var shopping! Sidan me budde i enden av Oxford Street mangla det ikkje på freistingar i så måte, og me besøkte både Disney-butikken, den 7 etg. store leikebutikken Hamleys, og litt klesbutikkar. Dessutan fekk eg lurt meg ein åleine-tur på ein scrappebutikk! Eg, som i utgangspunktet (faktisk!) ikkje er ei utprega shoppedame fekk iallefall stillt alle lyster og vel så det!
Dag 1 starta kl 03.45, og vart sjølvsagt litt lang, men veldig fin, og fylt av spenning og forventningar. Dag 2 var storesyster småkvalm og aldeles ikkje i form, men heldigvis forsvann det iløpet av den neste natta. På dag 3 tenkte eg me skulle hive oss på sightseeing-buss, men då var vèret så surt at det ikkje freista noko særleg.
No høyrest det kanskje ut som eg ikkje er nøgd med turen? Det er ikkje meininga - me har hatt det kjempefint, med kjekke opplevingar og veldig kjekke nye bekjentskap for meg og jentene. Storesyster hadde selskap i ei litt eldre jente, og Vetlesyster hang med så godt det lot seg gjere. Kva me gjorde den siste kvelden og den siste dagen lyt eg komma tilbake til i neste innlegg, for no har natta innhenta meg, og imorgon er det for alvor tilbake til kvardagen.

So long!
Related Posts with Thumbnails