![]() |
| (Biletet er sjølvsagt lånt på verdsveven) |
Om ca 27 timar går alarmen i Rosaheimen. Ja, vekkerklokkealarmen altså. Familien Rosa skal nemleg stå opp kl 03.45 natt til laurdag og setje seg i bilen for å rekke flyet som går kl 07.10 frå Flesland. På det vinterføret me no har treng me god tid til turen, og det ville jo vere dumt å stå att med kofferten i handa og sjå flyet med våre medreisande forsvinne opp i det blå (grå), ikkje sant?
Heile veka (og fleire veker før) har jentene hatt nedtelling, og særleg Storesyster har hatt tallause spørsmål om turen og byen og kva me skal gjere der. Musicalen "We will rock you" står på planen, og me har høyrt på musikken i bilen dei siste dagane. Dei små tuppene rockar til rytmane, så me får håpe der er ein liten danseplass mellom benkeradene som dei kan vrikke litt på. Me ynskjer oss i tillegg ein tur med det enorme pariserhjulet "London Eye", som visst skal vere fantastisk. Fellesprogrammet lyder òg på to museumsbesøk, men me får sjå kor mykje av dette me har tålmod til.....
Min plan er å komme meg på ein scrappebutikk eg har vorte tipsa om, som til alt hell skal ligge ein 7 minuttars spasertur frå hotellet vårt i enden av Oxford Street! Den siste dagen skal me dessutan til Brighton (og ingeniørane skal besøke ein motorfabrikk eller noko slikt), som skal vere full av bruktbutikkar og liknande. DER har eg tenkt å tilbringe tida medan dei andre ser på maskiner ;) (og har nokon tips til butikkar eller stader me MÅ sjå på dei 4 dagane me er i storbyen, så kom med dei!)
Så får me berre håpe at planen om å legge oss saman med jentene imorgon sler til, og gjer at me kan få ein bra dag laurdag òg, sjølv om den startar lenge før den burde. Rosamannen skal ha laptop med seg, men eg trur min skal få stå heime og kvile seg. Eg satsar på at eg får låne hans, dersom det skulle bli ein kveld eller to i ro og mak på hotellet med prinsessene.
Då er det berre ein ting å sei: Mind the gap!
(Og skulle nokon ute i den gale verda vurdere å avlegge Rosaheimen ein visitt medan me er på tur, så er det berre å gløyme; gode hjelparar har lova at verken huset eller katten vert einsame - på førehand takk for hjelpa!)
(Og skulle nokon ute i den gale verda vurdere å avlegge Rosaheimen ein visitt medan me er på tur, så er det berre å gløyme; gode hjelparar har lova at verken huset eller katten vert einsame - på førehand takk for hjelpa!)









