Opningssermonien hadde nesten olympisk preg, med paraglidarar som landa på og ved sida av huset, fakkeltog, og noko som kunne minne om tenning av den olympiske ild. Med i denne delen av seremonien dukka dessutan ein av mine fine nevøar opp, som representant for dei yngre brukarane av huset. Kjempekjekt! Utvandra vossingar, som Kari Traa, Linda Eide og Arne Hjeltnes var sentrale i opninga, og fylkesmann Lars Sponheim fekk nok stjerne i margen hjå mange vossingar då han kalla Voss for "kulturbygd nr 1 i Noreg"!
Storesyster var utanfor kulturhuset tidlegare på dagen, då alle barneskulane i kommunen vart inviterte til å bygge isskulpturar rundt heile bygget (bildet nederst). Dei lyste flott opp i vintermørkret seinare på kvelden, når faklane inni var tende.
For vår del vart kvelden avslutta med flammeblåsaren på bileta - ganske imponerande! For dei 290 gjestene som var særskild inviterte vart det konsert i Kultursalen, der det i tillegg til talar og musikk vart overrekt ei gåve frå Voss Sparebank - eit splitter nytt konsert-flygel frå Steinway & Sons!
I mars skal me ha konsert med musikklaget i denne salen, og det gler eg meg verkeleg til. Særleg når gjestene er ingen ringare enn Gisle Børge Styve (jepp, han i Beat for Beat), og hans to kompanjongar!






