laurdag 10. desember 2011

Forsmak på vinter

Denne veka har me hatt snø her vest. Fine, kvite dagar med leik og aking for jente på skule og barnehage, og ein ekstra tur ut i ettermiddagsmørkret. Med hardt snøføre kunne me finna fram den gamle sparken frå uthuset, til Vetlesyster si store gleda. Høge gledeskvin og store smil ljoma oppover bakkane når me fekk fart på farkosten! Men i helga har det vorte mildare, og trea er ikkje lenger kvite. Me får berre håpe at me får litt påfyll før jolehelga kjem, slik at me kjem i den rette stemninga! (joleførebuingar er det smått med foreløpig, så det vel eg å unngå å kommentere i kveld ;) )




God helg vidare!

3 kommentarer:

Orlaug sa...

Fine bilder......skikkeleg vinterstemning!
Og i dag er det heldigvis kvitt igjen....God sundag!

Anita Kristin sa...

Den som hadde ein spark.trur vi må ønske oss ein slik farkost vi me. Her er det skare, og den siste tida har gått med til bursdagsfeiringar, og no gled vi oss til rolegare tider, og puddersnø.

Ha ei god veke.

Igi sa...

Så herlige vinterbilder! Vi hadde litt snø i et par dager. Men det har dessverre regnet bort. Lever i håpet om at det skal komme snø før jul....
Klem

Related Posts with Thumbnails