søndag 4. desember 2011

Årets adventskalendar

... er noko som liknar på ein stige, men som eigentleg er eit butikkhylle-system som tidlegare huseigar har lagt att i uthuset. På den har eg knytt små og litt større pakker. Årets gåvepapir; gamle aviser, med raudt og sølvfarga pakkeband. Det er ikkje 48 stk, for jentene må fint tåle å få ein del felles gåver også.

"stigen" er skeiv og skakk, og min kjære måtte sage litt av den  for at den skulle stå sånn nokonlunde. I tillegg har eg hengt eit band inn på ein krok i veggen, slik at ingen skal få den over seg. Better safe than sorry!


Inni pakkane er det hårpynt, armband, laurdagsgodt, jolekoppar og aktivitetslappar, mellom anna. Aldri har det vel vore så lett å få jentene ut av senga som 1. desember!


Dette er vel den einaste joleførebuinga eg har gjort så langt, men jol vert det nok i år òg. Me har jo endå 19 dagar att!

5 kommentarer:

Anita Kristin sa...

Så koseleg kalender. Her vart det playmo og lego kalender. Vi er fullstendig akterutseilt. 1. Slag vart bakt på onsdag og adventpynten kom fram på mandag. Prøver å lære meg å senke ambivasjons nivået, men ikkje lett etter å ha rota seg ut i bloggverda.
Men det viktigaste er vel ikkje ein perfekt heim, men omtanke og neste kjærleik, håpar og trur eg.

Håper at de tross alt vil få ei fin førjulstid.
Fortsatt god kveld!

rod i hob sa...

Hei hei hei!!!!

Så flott kalender -kreativ og stilig <3

Skjedd masse på bloggen din som eg dessverre ikkje he fått med meg... :-/ Men eg tar det igjen ettekvert!!

Ny blogg-utforming? Eg e på mobilen, så litt vanskelig å sjå...

Nyt sundagskvelden!!

Orlaug sa...

Tøffaste eg har sett!

deasogmia sa...

Så koselig adventskalender du har laget. jeg syntes den var kjempe fin!!! jeg har laget juletre av en palle, og hengt opp pakkene i små poser.

Noralill sa...

Hei, synes den vart fin eg! Kjekt å kunne finne noko ein kan bruke...Lurt når du har TO som skal ha pakker, plass til mange her...

Ha ein flott dag! Klem

Related Posts with Thumbnails